Doktor-rekord ved UiS


2017 blei nok eit rekordår i talet på godkjende doktoravhandlingar frå Universitetet i Stavanger. Heile 48 nye doktorar forsvarte avhandlinga si i fjor.

Talet på avlagde doktorgradar har hatt ei stabil og jamn auking dei siste åra, frå  40 i 2015 til 47 i 2016 og i 2017 blei altså 48 disputasar gjennomførte ved UiS.

Størstedelen av avlagde disputasar skjer innan dei teknisk-naturvitskaplege faga, men vi ser og ei god utvikling i innan humanistisk og samfunnsvitskaplege fagområde.

Viktig bidrag til forskinga

Rektor Marit Boyesen er ein av dei som gler seg over aukinga i gjennomførte doktorgradar.

– Stipendiatane utgjer ein viktig del av universitetets forsking gjennom vitskapleg publisering og utvikling av ny kunnskap. Deira arbeid omfattar ei stor bredde av fagområde. Bak eit godt resultat som dette, ligg målretta arbeid og imponerande innsats frå kandidatane og deira rettleiarar, seier ho.

Det var ei lita overvekt av kvinner som tok doktorgrad (23 menn og 25 kvinner) i 2017, og dei ferske doktorane dekkjer ei rekkje fagområde.

Mange frå petroleum

Som nemnd er det mange stipendiatar innan teknisk-naturvitskaplege fag. Institutt for petroleumsteknologi (IPT) stod åleine for 21 prosent av alle avlagde doktorgrader i fjor.

Fleire av desse, blant anna Paul Andrew Hopkins og Iván Darío Piñerez Torrijos har forska på auka oljeutvinning og smart vatn.

Aojie Hong blei den første som disputerte ved Nasjonalt senter for økt oljeutvinning (IOR) då han like før jul forsvarte avhandlinga si. Han har analysert oljereservoar og drøfter utfordringar ved å bruke beslutningsanalyseverktøy for å handtere geologiske og petrofysiske usikkerheiter i reservoarstyring. Hong markerte starten på det som ligg an til å bli ei lang rekkje med IOR-doktorgradar dei neste åra. Totalt er 20 stipendiatar i gong med sine forskingsprosjekt ved senteret, alle med mål om å bidra til at meir olje blir henta ut av reservoara.

Helse og sikkerheit

Fleire av avhandlingane er forsking som bidrar til betre kunnskap hjå tilsette i helsevesenet.

Per Kristian Hyldmo  har utforska trygg transport av bevisstlause pasientar. Luftambulanselegen peikar til ein ny metode, traumesideleie, som tar fri luftvegar samtidig som ein ikkje gjer rygg- og nakkeskader verre. 

Cecilie Haraldseid disputerte om læringsverktøy i sykepleieutdanning, Signe Egenberg har forska på korleis helsepersonell gjennom trening og simulering kan bidra å redusere bløding etter fødsel, medan Else Cathrine Rustad si avhandling skildrar korleis eldre pasientar, opplever å bli flytta frå sjukehus til kommunal helseteneste.

Kunstnarisk doktorgrad

Nytt av året er at vi i 2017 hadde vår første kandidat i program for kunstnarisk utviklingsarbeid på nivå med doktorgrad. Det er bassisten Per Zanussi som disputerte i mai med verket «Natural Patterns – Music Making with an Ensemble of Improvisers». Zanussi har sett på korleis komposisjon kan gjere det lettare å improvisere saman i større grupper, og korleis arbeid med fri improvisasjon kan vere til hjelp i komposisjon.

Tekst: Karen Anne Okstad og Karoline Reilstad
Foto: ©UiS/Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (26.01.2018)

Skriv ut artikkel print symbol