Evaluering av finansieringssystemet


Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2009 leggje fram ei evaluering og vurdering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Dette går fram i Regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2009.

Ei evaluering og vurdering av finansieringssystemet blei varsla i St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning (statusrapport for Kvalitetsreforma). 

Regjeringa vil sjå evalueringa i samanhang med den overordna styringsmodellen for sektoren og med forslaga frå Stjernø-utvalet. Departementet har oppretta ei referansegruppe som vil samarbeide og ha brei dialog med dei ulike aktørane i sektoren. Departementet legg ikkje opp til endringar i finansieringssystemet før evalueringa er gjennomført.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.10.2008)

Skriv ut artikkel print symbol