Oppfølging av Stjernø-utvalget


Regjeringa vil ikkje setje i verk ei stor strukturreform med tvangssamanslåingar eller leggje ned studiestader. Dette går fram av Regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2009 under omtalen av oppfølgingen av Utval for høgre utdanning (Stjernø-utvalets) innstilling i NOU 2008:3 Sett under ett.

Regjeringa vil halde oppe styringssystemet ved universitet og høgskolar. Regjeringa meiner likevel at det er behov for ei klarare arbeidsdeling og spesialisering i sektoren. Det er nødvendig og ønskeleg at institusjonane på frivillig basis utviklar eit forpliktande samarbeid. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan vidareutvikle meir langsiktig og strategisk styring og felles forståing mellom departementet og sektoren om kva oppgåver ein skal løyse innanfor dei rammene som gjeld.

Strengare tolkning av stabil forskerutdanning
Regjeringa held fast ved at institusjonane framleis må ha minst fire ulike doktorgradar for å bli universitet, og vil klargjere kriteria for å få akkreditert ein doktorgrad gjennom å innføre ei strengare tolking av kravet om stabil forskarutdanning. Det er behov for samarbeidsformer som sikrar kvalitet i forskarutdanninga og kritisk masse for små forskingsmiljø og samtidig tek vare på den nasjonale breidda i norsk forsking. Det er vidare behov for prioritering og god fagleg leiing på alle nivå for å utvikle og setje i verk strategiar for fagleg spissa samarbeid.

Det er faglege utfordringar i profesjonsutdanningane, slik Stjernø-utvalet påpeiker. Regjeringa meiner ein bør søkje å løyse dei gjennom vidare fokus på kvalitet i profesjonsutdanningane og institusjonssamarbeid om arbeidsdeling. Mellom anna vil evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) av ingeniørutdanningane bli vurdert og sett i samanheng med oppfølging av Stjernø-utvalet.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.10.2008)

Skriv ut artikkel print symbol