ERASMUS+ tilsettmobilitet


Bli flinkare i jobben gjennom opplæring i utlandet med støtte frå Erasmus-programmet.

Som administrativt tilsett på UiS har du høve til å hospitera eller delta på kurs eller andre opplæringsaktivitetar hos ein Erasmus+ partnerinstitusjon eller ein annan organisasjon i utlandet. 

 Tilsettmobilitet har to sider: Ei fag-administrativ side og ei interkulturell side. Den fag-administrative dimensjonen er retta mot jobbinnhald, medan den interkulturelle dimensjonen handlar om kultur og kultur-forståing. Det første er lett å sjå nytta av sidan det er direkte relatert til jobben. Men etter kvart som arbeidsplassen vår blir meir og meir internasjonal blir interkulturell kompetanse og viktig og jamvel nyttig.  

 Universitetet er i gang med eit tiltak retta mot administrativt tilsette. Tiltaket handlar om kompetanseheving for administrativt tilsette og derfor er det viktig at slike opphald held høg fagadministrativ kvalitet. Vi ønskjer å oppmuntra til bruk av Erasmus + «staff exchange» og rettar oss til alle administrativt tilsette men ser og gjerne at administrative leiarar gjer dette høvet kjent og tilrår det for medarbeidarane.  

Aktuelle søkjarar til «staff exchange» støtte kan og ta kontakt med Tore Klepsvik i utdanningsavdelinga for meir informasjon. Tiltaket kan ikkje nyttast til deltaking på konferansar. Opplegget må styrka kapasiteten til den tilsette og det må synast korleis arbeidet vil berikast av mobilitetsopphaldet. Det må visast til ein plan med opphaldet og vera avtalt med næraste overordna. Vertsorganisasjonen må uttala at dei tek imot vedkommande. 

Ein søkjer når ein har funne eit fagleg relevant opplegg ved ein utanlandsk insitutsjon. Vanlegvis går opphalda over ei veke. Opplegga kan og vera staff exchange week, som nokre institusjonar har. Elles kan det vera andre typar kurs, hospitering eller anna opplæring, jamvel språkkurs.  

Finn meir informasjon om tilsettmobilitet 

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (04.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol