Fartsvedunder klart for Silverstone


Racerbilen «Fenrir» går frå 0 til 100 km/t på tre sekund. Studentar har brukt ni månader og 40.000 arbeidstimar for å få klar årets doning.

Linjeforeininga ION Racing utviklar, designar, byggjer og testar kvart år ein racerbil som deltek i konkurransen Formula Student på den berømte F1-banen Silverstone i England. Dette er verdast største ingeniørkonkurranse for studentar.

Robust og solid bil

Teamet har lært av  tidlegare prosjekt, og har først og fremst konsentrert seg om å unngå teknisk rusk i årets utgåve.
– Me har bygd ein så robust bil som mogleg, seier Olaf Nornes Kvamsøy som er lagleiar for over 40 studentar frå maskin, elektro, data, bygg, økonomi og mediefag.

Når laget i juli reiser til Silverstone-bana i England for å konkurrere med andre studentlag er målet at bilen held.
– Me håpar bilen klarar å fullføre alle «dynamiske events». Klarar den det, siktar me mot å bli blant topp 30, seier maskiningeniørstudenten.      

Engasjement og entreprenørskap

Etter å ha jobba med bilen i ni månader, kunne studentane vise fram bilen for 120 personar onsdag denne veka. Rektor Marit Boyesen er stolt av det studentane får til.

– Avduking av årets bil frå ION Racing er like spennande som å opne presangar på julaftan. Dette er ei feiring av noko av det fremste me vil få til her på UiS, nemleg engasjement og entreprenørskap blant studentane, sa ho under markeringa.

ION Racing, som ein av rundt 60 studentorganisasjonar ved universitetet, har en visjon om å skape framtidas ingeniørar ved praktisk erfaring.

– Det krev innovasjon og samarbeid, to kjernepunkter i visjonen til UiS. ION Racing står for eit aktivt studentmiljø kor man får moglegheit til å bruke teoretisk lærdom på konkrete problemstillingar, sa Boyesen.

– Næringslivet ser verdien

I tillegg til å designe, byggje og teste bilen, er laget ansvarleg for å skaffe sponsorar, og for marknadsføring og økonomi. I år måtte gjengen legge inn eit ekstra gir for å skaffe sponsorane dei treng.

– Det har vore vanskelegare enn tidlegare år, men arbeid over tid har gjort at me har klart det. I år har me faktisk fleire sponsorar enn nokon gong, seier Kvamsøy som er takknemleg for næringsliv og industri som ser verdien av å støtte studentprosjektet.

Tverrfagleg studentsamarbeid

I prosjektet har studentane arbeida som eit tverrfagleg team.
– Maskiningeniørar får sjå korleis elektro- og dataingeniørar arbeidar og omvendt. Det er nyttig og relevant for korleis det er i arbeidslivet, seier Kvamsøy.

Dei har erfart at ikkje alt er lett å overføre frå teori til praksis.
– Ting går ikkje alltid som planlagt, men me klarer alltid å løyse det på ein eller anna måte. Dei erfaringane tek me med oss, seier han.

Tekst: Karoline Reilstad
Foto: Leiv Gunnar Lie


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (24.11.2017)

Skriv ut artikkel print symbol