Doktorgrad om å analysere avgjersler i oljeindustrien


Philip Thomas (30) forsvarer sin doktorgrad ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 23. februar 2017.

Han forsvarer ei avhandling om korleis ein handterer utryggleik i samband med viktige avgjersler i olje- og gassindustrien, med tittelen «Managing Uncertainty with Decision Analysis in the Oil and Gas Industry».

I sitt doktorarbeid har Thomas utvikla konsept og verktøy som kan gjere det enklare for selskapa å navigere i ein marknad som er i konstant forandring, og skape verdiar frå utryggleik.

Philip Thomas er frå Indonesia. Han har ein bachelor-grad frå Bandung Institute of Technology og master i petroleum frå UiS.

I doktorgradsarbeidet var han knytt til Institutt for petroleumsteknologi, med professor Reidar Bratvold som hovudvegleiar. 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol