Disputas om smart vatn for auka oljeutvinning


I si doktoravhandling ser Paul Andrew Hopkins nærare på auka oljeutvinning basert på smart vann. Han disputerte for graden ph.d. ved Universitetet i Stavanger 20.januar.

Injeksjon av så kalla smart vatn er ein metode som vert nytta for å få opp meir olje frå reservoara.

– Smart vann er både rimelig å produsere og er samtidig miljøvennlig samanlikna med andre injeksjonskjemikaliar, forklarer Hopkins som har skrive avhandlinga «Water-based EOR and initial wettability in carbonates».

Bergartar har ulike fukteigenskapane etter om dei held på vatn eller olje. Det påverkar kor raskt ein kan produsere olje frå reservoaret og kor mykje ein klarar å få opp. Ved å injisere smart vatn i eit karbonatreservoar kan ein endre fukteigenskapane. Desse endringane gir positive kapillære krefter som igjen aukar oljeutvinninga.

Kjerneprøvar frå reservoara er nyttige for å vite kva metode som vil gi mest olje i den spesifikke bergarten. For å kunne vurdere potensialet for auka oljeutvinning med bruk av smart vatn, er det viktig  å forstå korleis reservoarkjernar bør handterast i laboratoriet for at fuktigheten skal likne mest mogleg på den i reservoaret.

Hopkins sitt arbeid gir eit viktig bidrag til auka forståing av reservoarfuktigheit i karbonatreservoar og auka oljeutvinning basert på fuktendring ved bruk av smart injeksjonsvatn. Doktorgradsarbeidet er finansiert av BP.

Tekst: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (20.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol