Åpent møte med postdoktor Joar Haga


Vitenskapsakademiet i Stavanger inviterer i samarbeid med Den norske historiske forening i Rogaland til åpent møte med Postdoktor Joar Haga, Det teologiske Menighetsfakultet "Bot og betring? Luthers 95 teser og lagnaden deira".

Møtet er onsdag 18. januar, kl. 19.00 - 20.30 på Møteplassen, Sølvberget.

For 500 år sidan slo ein professor i teologi opp nokre teser på ei tysk slottsdør. Korleis kunne ei vitskapleg drøfting om bot sprengje den vesteuropeiske kyrkja?

Tesane om avlat var isolert sett eit lite kontroversielt spørsmål. Luther forsikra i eit brev til paven året etter at han eigentleg bare ville drøfte desse spørsmåla, han hadde ikkje ynskt å kome med ei ny lære. Likevel var den akademiske drøftinga starten på ei utvikling som førte til at Luther vart ekskommunisert og til sist enda med ei ny kyrkjedanning.

Dette foredraget vil ta utgangspunkt i dei berømte tesane og avlatsstriden for å kaste lys over ein av dei viktigaste historiske personane i nyare tid: Kven var denne Luther, og kva ville han eigentleg? 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (11.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol