Det enklaste er sykkel


Det er noko med vanen. Har du først fått den inn, er det enkelt å la bilen stå igjen heime. Siri Kalvig prøver å sykle absolutt mest mogleg.

Siri Kalvig bur på Eiganes og har el-bil. Ho er kjent for å tale varmt om el-bil-samfunnet. Men spør du ho om fyrstevalet, så blir det sykkel.

– Eg er i mykje betre form no enn då eg begynte å jobbe på UiS for snart eitt år sidan, seier Kalvig som syntes det var supert å få lengre veg til jobb.

Dei dagane ho skal levere og hente i barnehagen, syklar ho strekninga Eiganes–Bekkefaret–UiS med Lilly (5 år) i ei tralle bak på sykkelen. Vogna blir likegodt med opp Ullandhaugbakken.

– Opp Ullandhaug får eg veldig høg puls nokre minutt kvar dag, så det gjev ein god treningseffekt. Det er den treninga eg får tid til, seier Kalvig og legg til at til saman syklar ho over ei mil på desse bringe- og hentedagane.

– Når eg kjem heim har eg fått bevega meg og har ein god følelse i kroppen.

Ho har kanskje også passert kyr, gjæser og kaninar i Sørmarka. Kjend eimen av sau ved Jarnaldergarden eller høyrd fuglekvitteret langs Mosvatnet. 

Minska karbonavtrykket

Siri Kalvig endra reisevanen sin i 2007. Som medeigar av Storm Weather Centre reiste ho saman med eit team av meteorologar og oseanografar i ein nasjonal kampanje som heitte «Himmel og hav», knytt til Klimaløftet. Oppdraget var å få folk til å forstå alvoret med dei menneskeskapte klimaendringane.

Teamet held rundt 60 foredrag på 40 forskjellige stader i landet for om lag 10 000 menneskjer. Blant anna samanlikna foredragshaldarane karbonavtrykka sine – kven hadde minst, kven størst?

– Det var eit fokus på kva den enkelte kunne gjere for klima. Det var fleire kampanjar som retta seg mot enkeltpersonar sitt ansvar om å innføre ein grønare livsstil. Det var mykje positivt som skjedde då, seier Kalvig som sjølv starta opp med meir grundig resirkulering, installerte varmepumper og kjøpte el-bil.

– Men mange reagerte på at det nasjonale klimapolitiske ansvaret blei overført til enkeltmenneske. Ein tok det for langt. Folk vart dritt-lei, seier Kalvig.

Ny giv for sykkel

Ho trur tida er meir moden no til å inspirere folk og samfunn i grønare retning.  

– Det er eit samspel mellom det politiske og det private. Det må leggjast til rette for ein grønare livsstil, og det må politikarane og andre samfunnsaktørar gjere. Betre kollektivtransport er ein viktig del av dette. Så må folk bidra med sitt, som for eksempel det å endre reisevanen sin – frå bil til noko anna, seier Kalvig.

Kalvig ser Sykkelløftet og HjemJobbHjem som ein del av dette.

– Det er slike initiativ som gjev ny giv. Får ein fleire til å sykle vil det også påverke byplanlegginga med fleire gode sykkelvegar og meir satsing på sykkelparkering framfor bilparkering, seier Sykkel-Siri.

Fått sykling i blodet

Miljøbevisstheita er blitt ein del av magefølelsen og Kalvig prøver å sykle absolutt mest mogleg.

– Eg har fått sykling inn i blodet. Det er noko med det å få ein vane. Sykkelen står alltid parat. Regntøyet er alltid klart. Eg synes sykkel er det enklaste.

Kalvig er ikkje den som kler seg opp i smarte, gule sykkelklede. Ho syklar med dei kleda ho har på seg den dagen, dressjakke, sommarkjole og høge hælar, miniskjørt, hatt og sløyfe om det skulle vere. Gjerne med ein lang regnjakke over.

– Eg sveittar ikkje. Kan kome rett til eit møte utan å måtte dusje.

Kalvig har endra ein vane. Då kan det snu heilt om: Ho blir rett og slett i dårleg humør av å køyre bil.

– Med sykkel veit eg akkurat kor lang tid det tek å kome fram. Bil betyr mykje mas. Ein risikerer kø og eg må leggje inn ein sikkerheitsmargin. Eg hatar å køyre rundt og leite etter parkering.

Derfor er sykkel fyrstevalet.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad

Les også:

Endra livsstil med sykkel
Med sykkelen under armen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (12.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol