Planter lagar sin eigen medisin


Planter er avhengige av eigne interne funksjonar i kampen mot skadelege insekt eller anna ytre påkjenning. Ikkje kan dei flytta på seg og heller ikkje rista skadedyra av seg. Dei treng difor eit stort arsenal med andre «våpen». Dette har dei i organellene sine - også kalla peroksisomar - som finst i kvar enkelt celle.

Forskar Delphine Crappe har i doktoravhandlinga si sett nærare på korleis planten Vårskrinne (Arabidopsis thaliana) gjer seg nytte av organellene i kampen mot smitte.

Ein organelle er ei ørlita blære med cytoplasma i ein tynn membran og som inneheld enzymer som lagar og brukar hydrogenperoksid (H2O2).  Peroksisomene omformar og bryt ned mange ulike stoff, blant anna gifter som maursyre, fenol, etanol og formaldehyd. Dette skjer gjennom at dei først dannar peroksider som så vert brukt til å oksidera dei skadelege stoffa.

Til samanlikning finst organeller også i dei fleste cellene i menneskekroppen, ikkje minst i lever og nyrer.

- I tillegg til sikrare matproduksjon vil betre kunnskap om plantene sin kamp mot sjukdom, smitte og andre ytre påkjenningar også kunna kan gje oss større avlingar og redusert svinn, seier Crappe, som har gjennomført deler av forsøka i doktorgradsarbeidet sitt ved University of Exeter i Storbrittania og ved Metabolomic Discoveries i Potsdam.

Professor Dr. Sigrun Reumann, Universitetet i Stavanger, har vært Crappes veileder. Medveileder har vært Professor Dr. Michael Schrader ved University of Exeter.

Tekst: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (08.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol