Endra livsstil med el-sykkel


For Even Heien er det alltid ei glede å el-sykle til jobb om morgonen. Bil er ikkje noko alternativ. Den har han selt.

Even Heien bur på Vaulen. I mange år brukte Heien bilen dagleg og nesten alltid til og frå jobb på universitetet på Ullandhaug.

– Eg hadde sykkel og intensjon om å sykle til jobb. Men eg gjorde jo aldri det. Det var alltid ein grunn til å ikkje bruke sykkelen. Anten så regna det eller så skulle eg på noko etter jobb.

I dag brukar han og kona el-sykkel til jobb kvar dag. Bilen blei selt i vår.

– Det var fyrst og fremst alle bilverkstads-rekningane som gjorde at vi valde å selje bilen. Den hadde mykje feil over mange år. Då fjæra på venstre framhjul knakk, solgte vi den og undersøkte om vi kunne klare oss utan.

– Det har fungert over all forventning, seier beredskapskoordinatoren i Strategi- og kommunikasjonsavdelinga ved UiS. Han ser berre fordelar med den nye vanen sin. 

Raskare på jobb

– Eg reiser meir komfortabelt, meir fleksibelt, meir effektivt og mykje billigare.

Og attpåtil kjem han seg raskare og kjekkare på jobb gjennom Sørmarka.

– Med bil visste eg aldri kor lang tid det tok å kome seg fram. Ofte var det kø. Det er attpåtil mykje kortare veg frå sykkelparkeringa enn bilparkeringa til kontoret, seier Heien.

Han rosar den oppvarma sykkelparkeringa i kjellaren på Elise Ottesen-Jensens hus, kor syklane får stå tørt og sikkert – og kor blaute klede blir tørka i løpet av dagen.

– Når ein får dei praktiske tinga til å fungere, då er det ei glede å sykle. Eg har ikkje angra ein einaste dag, seier Heien som no har teke i bruk sin tredje el-sykkel sidan han starta i 2013.

Personleg innovasjonsprosess

Den første el-sykkelen laga Heien sjølv etter å ha importert ein el-motor frå Kina. Den hadde for stor fart og bremsane var ikkje tilsvarande gode. Så kjøpte han seg ein vanleg el-sykkel.

– Den innfridde effektivitet og fleksibilitet, men ikkje komfort, forklarar Heien.

Han meiner han har gått gjennom ein personleg innovasjonsutvikling når det gjeld å finne fram til komfortabel og effektiv el-sykkel-bruk.

– Denne årstida er den vanskelegaste tida å oppnå komfort på, det gjeld å ha gode klede og å få tinga sine tørt fram.

Sykkelkleda han bruker i november, er dei same kleda som han ville gått ein fjelltur med. Gamasjar sørgjer for tørre sko.

– Dei fleste forbetringane kjem som eit resultat av at eg har oppdaga nye ting. Erfaringsbasert el-sykling kallar eg det. Dette er ikkje noko du tenkjer deg til. Du må prøva det ut.

Endra reisevanene fullstendig

Til å begynne med var tanken å sykle til og frå jobb. Så begynte han og kona å sykle fram og tilbake til Stavanger sentrum når dei skulle til byen. Og no er det også blitt ein fornøyelse å sykle til Sandnes.

Til og med når Heien skal på konferanse ein annan stad i landet, festar han bagasjen sin til bagasjebrettet og syklar til Stavanger lufthamn, Sola.  

– Vi har endra reisevanane våre fullstendig.

Heien skunder seg å leggje til at appen Nabo-bil er løysinga når noko større skal fraktast eller når dei dreg på felles helgetur med heimkomne ungar.

For Heien handlar el-sykkel om økonomi og kva som er det mest optimale framkomstmiddelet. At det er meir miljøvennleg er ein bonus.

– Eg meiner, uavhengig miljøperspektivet, at det er ingen transportmiddel som kjem i nærleiken av den komfort, fleksibilitet og effektivitet som el-sykkelen gjev til dei oftast brukte transportetappane.

Dysfunksjonell bilisme

Heien er lei av å sjå at lite blir gjort for å endre trafikkbilete i storbyane.

– Eg trur at el-sykkel er løysinga på transportproblemet i tettbygde stader. Dersom enkelte gater blir sette av til sykkel, så ville ein fått supereffektiv transport. Rekkevidda er allereie god og blir stadig forbetra, forklarar Heien som meiner ein kan få til ein raskare utvikling ved å bruke eksisterande infrastruktur i staden for å nokså einsidig å byggje nytt.

For ein som ivrar for fleire el-syklar ser han fram til at kollegaer no kan prøve ut ein el-sykkel gratis i ei veke – eit av fleire tilbod i HjemJobbHjem-ordninga som UiS er med på. Han håper fleire gjer som han. Det vil bety færre bilar og kanskje betre tilrettelegging for syklistar.

El-sykkel-entusiasten ekan snakke om el-sykling i timevis: overordna om el-sykkelen som ei løysing på transportproblemet og som ein drivar i samfunnsutviklinga, og heilt i detalj om den teknologiske utviklinga av sjølve el-sykkelen, eller mangelen på slikt:

– I dag er det eit dårleg samarbeid med bilane fordi syklane er underutvikla. El-syklane må utviklast for at syklistane og bilistane skal kunne samarbeide betre i trafikken. Spegel, blink- og bremselys trengst. Syklane bør også få ABS-bremser, støytdempar på bakhjulet, automatgir og såkalla konstant-fartshaldar.

Han spår ei jamn sterk auking av sal og bruk av el-syklar i 2017.

– På eit eller anna tidspunkt er dette ein bruk av ny teknologi som vil eksplodere, seier Heien.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad

Lyst til å vite meir om HjemJobbHjem og tilbodet til deg som tilsett ved UiS? Les tidlegare artiklar på ansatt-sidene: 
Først ut med billig månedsbillett!
Nå blir det lettere å la bilen stå hjemme
Reis billig eller hjelp kollega å reise billig

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (15.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Even Heien på el-sykkel.
NAMN: Even Heien (UiS) REISEVANE: El-sykkel REISETID TIL JOBB: 10–11 minutt
Logo HjemJobbHjem
UiS har avtale med HjemJobbHjem kor målet er å redusere bilandelen på arbeidsplassen med 20 prosent. Eit overordna mål er å løyse trafikale utfordringar i regionen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER