Finansministeren om olje, omstilling og studentøkonomi


Om lag 400 studentar og tilsette høyrde finansminister Siv Jensen tale om statusen for norsk økonomi då ho besøkte Universitetet i Stavanger tidlegare i dag.

Ein låg oljepris rammar norsk økonomi; oljesektoren sitt bidrag til statens inntekter er minkande og dette er det ikkje mogleg å kompensere for over natta. Det er statusen for norsk økonomi – og det var utgangspunktet for at finansminister Siv Jensen var invitert til Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger i dag.

Det store auditoriet i Elise Ottesen-Jensens hus var nesten fullt då professor Klaus Mohn gav ordet til Siv Jensen, som starta med å skissere den økonomiske stoda – og kva Regjeringa gjer for å bøte på arbeidsløysa.

– Pengepolitikken er førsteforsvaret vårt når det gjeld å stabilisere økonomien. Ei låg rente, flytande valutakurs og moderate lønnsoppgjer er viktige bidrag for å ikkje auke arbeidsledigheita ytterlegare, sa Jensen.

Vidare var ministeren snar til å fortelje at norsk konkurranseevne faktisk er i kraftig betring til liks med at norsk økonomi – samla sett – er i betring.

Teikn til vekst

– Vi ser teikn til vekst i fleire konkurranseutsette næringar, dette gjeld spesielt reiselivsnæringa og eksport av sjømat.

Jensen peika blant anna på at talet på hotellovernattingar har auka det siste kvartalet samanlikna med tidlegare år, og at sjømat-næringa er eit område i sterk vekst.

– 36 millionar menneskje i verda spis norsk fisk til middag. Dei norske selskapa innan fiskeri og havbruk har tredobla verdien dei siste åra, sa ministeren.

Tala frå Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet viste også at det no er ei større optimisme i pengehushaldningane.  

Utfordringane framom oss

Det Jensen tala mest om var dei store utfordringane Noreg har på lang sikt.

Ho viste til det kjende faktum at etterspørselen frå petroleumssektoren har ein kraftig nedgang samstundes som talet på eldre aukar. 

– Sjølv om oljealderen også vil forsetje vidare inn i neste generasjon, er det likevel ingen tvil om at vi må erstatte oljeverksemda vår med noko anna. Men så har vi ikkje noko anna som kan erstatte dette – sånn over natta, sa ministeren.

Ho la til at tiltakspakkar ikkje løyser dei langsiktige utfordringane.

– Vi må ha meir verdiskaping og ny verdiskaping. Den beste oppskrifta på det er utdanning og infrastruktur og ei skattereform for omstilling og vekst, sa Jensen som blant anna trakk fram reduksjon i selskapsskatten som eit godt verktøy for å betre konkurransekrafta for norske selskap.  

Ministeren trakk også fram utvalet som skal greie ut om delingsøkonomien, som vart nedsett i mars tidlegare i år. Utvalet skal finne ut korleis delingsøkonomien kan gje meir vekst – og korleis det kan bli enklare for nye aktørar å delta og rapportere skatt.

Betre økonomi for studentane?  

Avslutningsvis var det mogleg å stille spørsmål til finansministeren.

Ein av dei som nytta høvet, var studentleiar i StOr, Magne Bartlett. Han påpeikte for finansministeren samanhengen mellom det generelt høge studentfråfallet i høgare utdanning og den dårlege økonomiske situasjonen for studentane – sjølv med den auka studiestøtta på 11. månader som kjem frå 2017. 

Kunne ministeren love endå meir i studiestøtte?

– Eg vil ikkje gje nokre lekkasjar frå det komande budsjettet, men vi har signalisert at vi er opptekne av studentøkonomien, sa Jensen med eit lurt smil.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (24.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol