Bankar og meklarhus gir finansstøtte


Sparebanken Vest, Klepp Sparebank, Time Sparebank, Pareto Securities og First Securities støttar også opp om satsinga på eit tungt finansmiljø ved Universitetet i Stavanger. Pengegåvene skal mellom anna gå til stipendordningar.

Dermed er det stadig fleire aktørar i finansnæringa som vil vere med å byggje opp eit tungt finansmiljø ved UiS. Også StatoilHydro har kome med som ein stor støttespelar i samarbeidet, i tillegg til SKAGEN Fondene, Sparebank 1 SR-Bank, HitecVision Private Equity, Sandnes Sparebank og GE Money Bank, som gjekk saman med UiS om satsinga i fjor haust.

Rekruttering viktig
Administrerande banksjef Gabriel Block Watne i Klepp Sparebank fortel at dei har valt å gi 500 000 kroner fordelt over fem år til UiS fordi dei ønskjer å vere med å byggje opp finansmiljøet i regionen.

– Styrkinga av finansmiljøet kan mellom anna bidra til å lette rekrutteringa til bransjen, seier han og får støtte frå leiar av First Securities i Stavanger, Tor Egil Aanestad.

– Vi synest styrkinga av utdanningstilbodet innan finans er eit bra initiativ og vi trur dette vil kome fleire av oss til gode i framtida, seier Aanestad, som gjennom First Securities gir 100 000 kroner til UiS.

– Spennande satsing
– Formålet med satsinga på finansmiljøet er bra. Vi trur studiet og den kompetansen som kjem ut av det vil kome heile bransjen til gode, seier banksjef i Time Sparebank, Arne Gravdal.

Time Sparebank gir 500 000 kroner til UiS fordelt over fem år. Også Sparebanken Vest gir 500 000 kroner, i eit eingangsbeløp, til universitetet.

– Som ein ny aktør i Rogaland synest vi dette er ei spennande satsing som vi vil vere med på. Vi har støtta fleire satsingar på vestlandet og synest dette initiativet er nok ei kvalitetssatsing, seier Sparebanken Vest sin regiondirektør for Rogaland, Njål Skår.

Meklarhuset Pareto Securities gir også 100 000 kroner til UiS.

– Vi gjer dette fordi vi gjerne vil støtte finansmiljøet ved UiS, seier leiar for Pareto Securities i Stavanger, Svein Arild Skåland.

Sjeldan samarbeid
Instituttleiar Bjarte Ravndal ved Norsk hotellhøgskole - Institutt for økonomi og leiing ved UiS, synest det er stor stas at så mange regionale og nasjonale krefter frå finansnæringa kjem saman for å satse ved UiS.

– Det finst så mange aktørar i denne marknaden og konkurransen er stor. Då er det flott å sjå at konkurrentar vel å samarbeide og går saman på denne måten. Det er sjeldan, seier Ravndal.

Han er svært takksam for alle gåvene frå bransjen som mellom anna skal gå til stipendordningar til studentar og tilsette som er knytt til finansmiljøet ved universitetet.

Les også:

StatoilHydro med i finansstiftelse (23.06.08)

20 millioner til UiS fra finansnæringen (09.08.07)

Anvendt finans i fokus (15.10.07)


Sist oppdatert av Silje Stangeland (26.06.2008)

Skriv ut artikkel print symbol