Barnehagelæraren som profesjonsutøvar


Onsdag 1. juni vart Barnehagekonferansen 2016 arrangert ved Universitetet i Stavanger. 190 barnehagelærarar var til stades under konferansen der temaet barnehagelæraren som profesjonsutøvar var hovudtema.

Nærast 200 tilsette frå fylket sine mange barnehagar hadde teke turen til UiS onsdag, for å få med seg lærerike og relevante føredrag om årets tema «barnehagelæraren som profesjonsutøvar» under Barnehagekonferansen 2016. 

Barnehagekonferansen er eit samarbeid mellom Utdanningsforbundet Rogaland, Universitetet i Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland, og fungerer som ein fagleg møteplass for barnehagefolk i Rogaland.

Viktig med rettleiing
Rita Ødegård i Utdanningsforbundet Rogaland opna konferansen med å snakke om den nye rammeplanen for barnehagen, som skal sendast ut på høyring hausten 2017. 

– Barnehagelærarar står ovanfor ein del endringar, som eg trur er naudsynte. Det tyder ikkje at vi ikkje bør verne om det som er bra og i tillegg vidareføre barnehagen sine tradisjonar, men det er også viktig med fornying, og målet med ein ny rammeplan er at den skal fungere som eit godt pedagogisk verktøy og eit tydeleg styringsdokument for barnehagesektoren, sa ho.

Ødegård via også litt tid til å snakke om kor viktig god rettleiing er for barnehagelærarar som profesjonsutøvarar, og oppfordra kommunane til å halde fram med å legge godt til rette for rettleiing, noko ho meiner kan vere med å påverke om overgangen frå utdanning til yrke vert god for nye barnehagelærarar. 

Haldningar og verdiar
Kristin Rydjord Tholin, dosent ved Høgskolen i Sørøst-Norge, haldt innlegg om profesjonsetikk for barnehagelærarar, og om haldningar og verdiar i møte med barn og vaksne. Ho innleia sitt innlegg med å snakke om barnehagelæraryrket som eit yrke prega av tett samvær og samhandling med barn og andre vaksne, noko som rører ved etiske verdiar og val. 

– Den profesjonelle barnehagelæraren sitt rom for skjønnsutøving er det som fremjer god praksis, men skjønnsutøving kan også gje rom for uheldig praksis, krenking og urett mot barnehagebarn. Dette gjev barnehagelæraren eit særleg ansvar for å vere opne om dei faglege og pedagogiske vala som ofte ligg til grunn for at ein gjer som ein gjer, sa ho.

Vidare haldt Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda om profesjonsutøving mellom handlingsfridom og press, medan Ida Brandtzæg og Stig Torsteinson, som er psykologspesialistar og forfattarar, snakka om å sjå barnehagebarnet innanfrå, men deg sjølv utanfrå. Temaet tek utgangspunkt i den viktige vaksne i barnehagen som skal være ein trygg base for barna, og som vidare er grunnlaget for modellen dei nyttar, nemleg tryggheitssirkelen (circle of security).

Les artikkel om Barnehagekonferansen 2015


Tekst og foto: Maria Gilje Torheim


Sist oppdatert av Rune Nilssen (16.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol