Etterlyser eksperimentelle biografiar


Professor Stephen J. Walton ved Universitetet i Stavanger har gitt ut boka: Skaff deg eit liv! Om Biografi på Det norske samlaget. Boka tek eit kraftig oppgjer med norsk biografi-skriving, som han meiner er konservativ i forma.

– Den kronologiske framstillinga som ein finn i så å seie alle norske biografiar, er falsk, fordi den skaper samanhenger av lausrive fakta og hendingar som slett ikkje nødvendigvis utgjer samanhenger, og legg opp til ein tvilsam
kausalitet, forklarer Walton, som er tilsett både som professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og som professor i lesevitskap ved UiS. 

Biografen må spele med opne kort 
Sjølv om interessa og salet av biografiar har auka jamt dei siste åra, har ikkje teoriane om sjangeren utvikla seg like sterkt. Walton etterlyser i si bok fleire eksperimentelle biografiar.

– Ein biografi må ha som mål å seie noko nytt og vesentleg om personen det gjeld, og då på ein måte som synleggjer møtet mellom biograf og den det skal skrivast om. Biografen må spele med opne kort, og ikkje skrive biografiar som forkledde romanar etter bildungsroman-mønsteret, seier Walton.

Stephen J. Walton meiner at biografane må bli meir teoretisk medvetne.

– Norske biografar skriv svært konformt formmessig. Det heng vel saman med at vi lever i eit samfunn som ikkje premierer formeksperiment. Dei må óg tørre å gå bort frå den kronologiske kulturen og synleggjere den biografiske stemma, fortel han.

Ivar Aasens kropp
– Vi kan i grunnen ikkje vete så mykje om andre sitt liv. Folk leiter i ulike typer kjelder, men ein må ikkje ta noko for god fisk. Ein skal aldri tru at ei dagbok eller eit brev betyr det det seier. Alt må tolkas, og då blir møtet mellom biograf og objektet for biografen avgjerande, og biografen bør då vise dette fram i teksten.

Skaff deg eit liv! Om Biografi dreg vekslar på erfaringar Walton sjølv har gjort som biograf, nemleg bøkene Ivar Aasens nedre halvdel (1991) og Ivar Aasens kropp (1996). Walton held i sine biografiar fast ved den fysiske eksistensen og lar seg ikkje forføre av nokon metafysiske essensar.

– Aasens kropp er såleis å sjå som eit springbrett for forteljinga om Aasen, fortel Walton.

Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (09.06.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
- Kva kan vi eigentleg vete om andre sitt liv?, spør professor Stephen J. Walton. Han meiner at ein aldri skal tru at ei dagbok eller eit brev betyr det det seier. Alt må tolkas, og då blir sjølve møtet mellom biograf og den som er objekt for biografen avgjerande.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER