- Tilbodet er spesielt retta mot studentene på bachelor i matte og fysikk og årsstudium i matte, fortel Signe Gevik, leiar i den nye linjeforeininga.
Dei viktigaste tiltaka vil bli sosiale arrangement som ikkje direkte knytter seg til studiet, men gjerne med faglege tema. Dette vil gjera det lettare for studentane å bli kjende med kvarandre og å identifisera seg med medstudentar.
God studiekvardag
Theta samarbeider aktivt med instituttet for å sikre ein god studiekvardag for studentane, og for å sjå til at studentane blir tekne vare på også på det sosiale området.
Gevik fortel at linjeforeininga Theta vil tilby fleire tilstellingar utover ettervinteren og våren. Foreininga vil også presentera seg under Fadderveka ved UiS tidleg i haustsemesteret for å trekka til seg førsteårsstudentane.
Stort potensiale
- Foreininga tel i dag om lag omlag 30 medlemmer, men potensialet er stort og medlemmene arbeider målretta for å få fleire av dei «eldre» studentane med, fortel Signe.
Theta har ingen faste møter, men matterommet er ope heile dagen for alle som studerer matfys og Signe lovar mange interessante diskusjonar framover.