Rike og like stavangerfolk


I denne rykande ferske forskingsantologien er Stavanger analysert som eit prisme for Noregs utvikling dei siste 40 åra. Den perioden sikkert mange av framtidas historikarar vil omtale som «oljealderen», med Stavanger som «oljehovudstaden».

Nils Asle Bergsgard og Anders Vassenden (red.) Hva har oljen gjort med oss? Økonomisk vekst og kulturell endring. Cappelen Damm Akademisk 2015

Frå å vere ein heller fattig  by med hermetikkindustri og skipsbygging i nedgang i tllegg til at dei gamle motkulturane fråhald og bedehusmiljø enno sette sitt preg på byen, opplevde Stavanger og regionen ei eineståande økonomisk og industriell utvikling.

Dette prosjektet som blei støtta av Noregs Forskingsråd og med deltakarar frå IRIS og Universitetet i Stavanger har teke føre seg ulike sider ved korleis kultur og mentalitet blei påverka av denne snøgge utviklinga.

Alt frå arkitektur, innreiing av private heimar, estetisk og litterær smak og ikkje minst tilhøvet til fortidas lekmannskristendom er undersøkt.

I innleiingsessayet «Den illitterære borgaren» har historikar ved UiS, Nils Rune Langeland, freista dra dei lange linene og plassere oljebyen i historia om den driftige småborgarbyen.

Litteraturvitar Heming Gujord har gjort det same med linene frå Kielland til Rimbereid og Tore Renberg.

Sosiologane Anders Vassenden, Nils Asle Bersgard og Lennart Rosenlund, alle noverande eller tidlegare knytt til UiS, har gjennomført omfattande kvalitative og kvantitative analysar av desse endringsprosessane.

Nils Jacobsen har sett på arkitekturen og dr.gradsstipendiat i sosialantropologi, Merete Jonvik, har gjennomført sitt arbeid tilknytta prosjektet og disputert på dette.

Eit funn som går som ein raud tråd gjennom mange av arbeida er kor viktig det har vore for folk i Stavanger å oppretthalde førestillinga om seg sjølve som vanlege og like midt oppe i denne veldige velstandsauken.

Bokomtale: Nils Rune Langeland

 

 

 

 

 

 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (06.01.2016)

Skriv ut artikkel print symbol