Publisering og etikk på dagsorden


«Poeng for publisering - publisering for poeng. Utfordrar dette god forskingsetikk?» UiS sitt årlege seminar om forsking og etikk gjekk av stabelen 1. desember.

- Kan kravet om kvantitet gå på bekostning av kvalitet? spurde forskingsdirektør ved UiS, Troels Jacobsen, då han ønskte velkomen til eit fullsett auditorium.

Forskningsetikk er sett høgt på dagsorden ved UiS dei seinaste åra og seminaret er blitt eit populært arrangement. Dei inviterte innleiarane kasta i år lys over problemstillingar knytta til bruken av «tellekantar», som er blitt det folkelege namnet på ordninga med fordeling av pengar mellom institusjonane på grunnlag av registrerte forskingsresultat.

Ros er viktig

Helene Uri skapte i 2006 bølgjer med boka «De beste blant oss», som er tufta på opplevingane hennar som universitetsstipendiat og rettleiar.

I innlegget sitt peika Uri på kor viktig ein positiv ytringskultur er for miljøet så vel som for dei akademiske resultata. I boka teiknar ho eit lite flatterande bilete av den interne tevlinga om publiseringspoeng og kva dette kunne føra til av intriger, sladder og maktkamp.

- Ros og oppmuntring er viktig, sa Uri, og peika på kor viktig det er å visa medarbeidarane sine respekt dersom ein ønskjer å bygga eit profesjonelt og bærekraftig forskingsmiljø.

Fare for overtramp

Roger Strand er professor ved Senter for vitenskapsteori ved Universitetet i Bergen og tidlegare medlem i NENT, den nasjonale forskingsetiske komitéen for naturvitskap og teknologi. Han la vekt på at ein ikkje kan organisera seg bort frå dei kulturelle utfordringane Uri viser til og som gjev størst utslag i dei mest konkurranseutsette faga.

Strand åtvara også mot faren for etiske overtramp dersom publiseringspresset blir for sterkt, ikkje minst innan dei fagområda som utviklar seg raskt.

Dag G. Aasland, viserektor ved Universitetet i Agder, Else Sauge Torpe frå biblioteket ved UiS og sekretariatsleiar i NENT, Helene Ingierd, heldt også innlegg på seminaret.

Les meir om publisering og forskingsetikk her https://www.etikkom.no/

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (02.12.2015)

Skriv ut artikkel print symbol