Massemønstring om nyskaping


Potensialet og intensiteten og i det regionale innovasjonsarbeidet blei grundig dokumentert i nyskapingsdugnaden som nyleg fann stad i regi av Plogen-programmet. Spennet var stort og engasjementet like eins.

Er det mulig å presentera siste akuttmedisinske skrik innan penetrering, drenering og medisinering av brystkassen til ein stjernegris på ein forståelig måte i løpet av fem minutt? Eller å formidla optimaliseringsstrategien for autoklavering av sous vide andebryst for kresne ferdigmatkundar? For ikkje å nemna robotstyrt aksjekjøp for amatørar...

Svaret er ja – og dette vart overtydande demonstrert på Plogen si innovasjonssamling i Stavanger nyleg, der 75 forskarar, fagfolk og leiarar frå ulike innovasjonsmiljø i regionen delte prosjekt og idear med kvarandre i ein unik nyskapingsmaraton.

UiS-rektor Marit Boyesen presiserte i helsinga si til innovatørane kor viktig nyskaping er. «Kor mange firma «produserer» universitetet kvart år?» er eit av dei spørsmåla eg oftast blir stilt, sa rektor då ho opna samlinga.

Forskningsbasert nyskaping

- Kompetanse, kapital og positivt engasjement er nøkkelen, sa Plogen-direktør Anne Cathrin Østebø før ho slapp innovatørane laus. Ho la til at deltakane var spesielt inviterte på grunn av den viktige rolla dei har i å utvikla nyttige produkt og tenester basert på forskning.

Plogen er eit regionalt dugnadsprosjekt som arbeider for nye arbeidsplasser og styrka konkurransekraft tufta på forskningsbasert nyskaping.

Prosjekt Plogen

Prekubator TTO (Technology Transfer Office) er prosjektleiar for Prosjekt Plogen og er den regionale aktøren for Forskningsrådet sitt nyskapingsprogram FORNY2020.

Ein del av prosjekta som vart presenterte finn du meir om her: https://www.uis.no/om-uis/nyheter-og-presserom/skaparkraft-i-medvind-article98847-8108.html 

Les også meir om Plogen: https://www.uis.no/om-uis/nyheter-og-presserom/20-millioner-til-innovasjon-article99637-8108.html

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: Fredrik Fjellså

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (10.11.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av Forskningsdirektør Troels Gyde Jacobsen som innleder om UiS sitt innovasjonsarbeid
Forskningsdirektør Troels Gyde Jacobsen orienterer om UiS sitt innovasjonsarbeid
Bilde av Nils Petter Oveland og Matyas Kolsofszki som orienterer om det akuttmedisinske produktet Chest Tube Fix
Nils Petter Oveland og Matyas Kolsofszki orienterer om det akuttmedisinske produktet Chest Tube Fix
Bilde av Guro Winsnes og Kristin S. Olsen som fortel om samtalespelet "Hei"
Guro Winsnes og Kristin S. Olsen fortel om samtalespelet "Hei"

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER