Ryger ristar runer


I samband med utstillinga "Runer - frå graffiti til gravskrift" held språkforskar og stadnamngranskar Inge Særheim foredraget "Ryger ristar runer" tysdag 3. november kl. 18.30.

Jæren blir omtala som «vår rikeste runesteinsprovins» i eit bokverk om dei yngre runene. Også når det gjeld innskrifter med eldre runer, er Jæren og Rogaland eit kjerneområde. Rune-innskriftene er eit viktig kulturhistorisk material som gjev interessante opplysningar, ikkje minst om språkhistoria.
Fri entré.

 


Sist oppdatert av (29.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Tusteinen frå vikingetida har innskrifta "Helge reiste denne steinen etter Kjetil, bror sin".