Basiskurset


Målgruppa for dette kurset er vitskapeleg personale som ikkje kan dokumentere ein pedagogisk basiskompetanse.

Aktuelle tema i kurset har så langt vore planlegging, gjennomføring og vurdering av emne og undervisning, studentaktive læringsformer, og korleis førebu forelesninga, vurdering og eksamen. Eit anna viktig område er kollegalæring og bruk av kollegaer som "kritiske venner".

Basiskurs i universitetspedagogikk 2016-2017  (powerpoint)

Universitetet legg vekt på god undervisningskvalitet og krev at den som skal ivareta undervisning har pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Pedagogisk kompetanse kan dokumenterast med vitnemål/kursbevis frå relevant formell pedagogisk utdanning knytt til høgare utdanning. Didaktisk kompetanse dokumenterast i form av variert didaktisk arbeid i høgare utdanning.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (12.12.2017)

Skriv ut artikkel print symbol