Undervisingsterminar for studieåret 2017 - 2018


Utdanningsutvalet (sak 30/16 har fastsett fylgjande undervisingsterminar for studieåret 2017 - 2018:

2017 haustsemesteret: måndag 7. august - fredag 22. desember.
2018 vårsemesteret: tysdag 2. januar - fredag 22. juni.

All undervising og eksamen/prøve (jf. eksamensforskrifta) skal haldast innføre dette tidsrommet. Ulike typar prøvar eller forkurs og liknande, som er naudsynte for å begynna på undervisinga, kan gjennomførast før semesterstart. Slike tiltak skal vera omtalte i fag- og studieplanar og dessutan vera tydeleg annonserte.

Utvalet tilrår at undervising normalt ikkje vert lagt til før semesteropninga.

Heilagdagane som kan falla i perioden mars – juni inneber årlege justeringar av undervisingsopplegget. Eksamenar, prøvar, oppgåver med meir, som er avlagde eller innleverde i perioden mellom 1. august og 31. desember og mellom 1. januar og 31. juli kjem fram på karakterutskrift/vitnemål som avlagde eller innleverde høvesvis i haustterminen eller vårterminen.


Sist oppdatert av Eilef Johan Gard (26.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol