Eurasiaprogrammet


Har du samarbeid med land i Eurasia ? No kan du søkje om midlar til samarbeidsprosjekt.

Eurasiaprogrammet gjennom SIU lyser ut midlar til samabeid med  institusjonar Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan og Ukraina.

Målet med Eurasiaprogrammet er å bidra til fornying og internasjonalisering av høgare utdanning i samarbeidslanda som eit ledd i å byggje ein basis for politiske og økonomiske reformer, stimulere til bærekraftig utvikling, auke utdanningsnivået i befolkninga og å auke respekten for menneskerettane. 

Programmet er basert på ein avtale mellom SIU og Utanriksdepartementet som dekkjer perioden 2015 til 2020. Prosjektmidlar blir delte ut for åra 2016 til 2019. Totalramma for programmet er 120 millionar kroner.

Kven kan delta?

Alle godkjente høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg og samarbeidslanda kan ta del i programmet. Eurasiaprogrammet støttar både fleirårige samarbeidsprosjekt og meir kortvarige aktivitetar. Eit mål med programmet er å byggje opp langsiktig samarbeid mellom institusjonar i samarbeidslanda og Noreg. Prosjekt bør difor støtte opp under dei involverte institusjonane sine prioriteringar og strategiar, og må ha støtte frå leiinga ved institusjonane.

Utlsysning 2017:
Langsiktige prosjekt ( 3år) - søknadsfrist 15. desember 2017 kl 15.00
Kortvarige prosjekt - siste frist for å søkje er 6.november 2017 kl 15.00

Sjå utlysingsteksten for meir informasjon.


For meir informasjon sjå SIU si side om Eurasiaprogrammet eller ta kontakt  med internasjonalt kontor sine fakultetskoordinatorar.


Sist oppdatert av Bente Dale (16.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol