Universitetet i Stavanger


Universitetet i Stavanger har 12.000 studentar og 1.600 tilsette. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning forskning, nyskaping, formidling og museumsverksemd.

UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Sampelet mellom UiS og arbeidslivet er mangfaldig og mangearta.

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 11 institutt og 2 nasjonale kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. UiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med vårt forskingsinstitutt, International Research Institute of Stavanger (IRIS). IRIS går fra 2018 inn i det nye Sørvest Instituttet. Det er òg fleire senter for forsking som er knytt saman i overbygginger mellom UiS og IRIS og andre aktørar. Validé er vår reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Ipark driv inkubatorverksemd, som er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder. Senter for entreprenørskap arbeidar for å styrke fagtilbudet og interessa for nyskaping og innovasjon blant studentene ved UiS.

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar.

Universitetet i Stavanger er det einaste norske medlemmet i det europeiske nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU).


Sist oppdatert av Vibecke Lykke Olsen (19.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol