Helse Vests forskingspris og Helse Vests innovasjonspris


No kan du foreslå priskandidatar til både Helse Vests Forskingspris 2015 og Helse Vests Innovasjonspris 2015. Fristen for å fremme kandidatar er 11. september.

Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet inviterer tilsette ved helseføretak/sjukehus, universitet og høgskular i regionen til å komme med forslag til kandidatar til dei to prisane innan fredag 11. september 2015. Prisane blir delte ut i samband med Helse Vest sin forskingskonferanse som blir arrangert i Stavanger på Sola Strand Hotel torsdag 29. og fredag 30. oktober 2015.

Forslag kan sendast til Det regionale samarbeidsorganet på e-post: forskning@helse-vest.no.

Merk e-posten "Forskingsprisen/Innovasjonsprisen 2015". Det er utarbeidd eit skjema som forslagsstillar må fylle ut når kandidatar blir foreslått.

Helse Vests forskingspris
Prisen skal tildelast forskar, forskingsmiljø eller ung forskar (under 40 år) som gjennom si forsking har bidrege til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal vere av ein karakter og standard av betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen.
Det kan fremmast forslag til kandidat (forskar, forskingsmiljø eller ung forskar) som har bidrege til utvikling av a) eit forskingsområde
b) forskingssamarbeid-/miljø eller
c) som gjennom si forsking har forbetra klinisk praksis i Helse Vest.

Helse Vests årlege forskingspris består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.

Innovasjonsprisen
Innovasjonsprisen blir tildelt ein eller fleire personar som gjennom sitt arbeid har bidrege til utvikling av ein ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgir eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren. Prisen kan bli gitt både med utgangspunkt i forskingsdriven og behovsdriven innovasjon.

Utviklinga skal vere gjort synleg gjennom at ide/innovasjonsprosjekt enten er innrapportert og/eller vidareutvikla saman med regionkontoret til Innovasjon Norge, InnoMed, Norges forskningsråd eller eitt av regionens to Technology Transfer Offices (TTO).

Samtidig vil også interne prosjekt som ikkje er synleggjort gjennom dei nemnte aktørane kunne komme i betraktning. I slike tilfelle vil det vere av betyding at produktet, prosessen eller tenesta er tatt i bruk og det kan visast til nytten innovasjonen har hatt for sjukehuset.

Prisen som blir tildelt, består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid.


Forskingspris og innovasjonspris 2015.


Sist oppdatert av Vibeke Hervik Bull (11.08.2015)

Skriv ut artikkel print symbol
Cristin

Cristin - Current Research Information System In Norway - er forskningsdokumentasjons-
systemet ved UiS.