Utlysing Helse Vests forskingsmidlar 2011


Fristen for å søkje Helse Vests forskingsmidlar for 2011 er 15. september 2010, og søknadsskjemaet er no tilgjengeleg.

Forsking er eit av satsingsområda til Helse Vest. Formålet med forskingsmidla som no utlysast er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten og kvaliteten på forskinga.

Fristen for å søkje Helse Vests forskingsmidlar for 2011 er 15. september 2010, og søknadsskjemaet er no tilgjengeleg.

Søkjar må vere tilsett ved, eller ha formell tilknyting til eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Ved søknader om doktorgradsstipend må enten stipendiaten, hovudrettleiar eller prosjektleiar ha ei slik tilknyting.

Med formell tilknyting meiner vi eit forpliktande samarbeid nedfelt i ein forankringsavtale. Forankringsavtalen må leggjast ved når krav om tilsettingsforhold ikkje er oppfylt. Nytt av året er at tilsette ved private rusinstitusjonar og rehabiliteringsinstitusjonar også skal leggje ved ein forankringsavtale.

Les meir om utlysinga på Helse Vest sine heimesider.

Spørsmål kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (29.06.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Logo Helse Vest
Cristin

Cristin - Current Research Information System In Norway - er forskningsdokumentasjons-
systemet ved UiS.