Undervisingsterminar for studieåret 2018 - 2019


Utdanningsutvalet (sak 46/17) har fastsett fylgjande undervisingsterminar for studieåret 2018 - 2019:

2018 haustsemesteret: måndag 6. august - fredag 21. desember.
2019 vårsemesteret: onsdag 2. januar - fredag 21. juni.

All undervising og eksamen/prøve (jf. eksamensforskrifta) skal haldast innføre dette tidsrommet.Ulike typar prøvar eller forkurs og liknande, som er naudsynte for å begynna på undervisinga, kan gjennomførast før semesterstart. Slike tiltak skal vera omtalte i fag- og studieplanar og dessutan vera tydeleg annonserte.

Heilagdagane som kan falla i perioden mars – juni inneber årlege justeringar av undervisingsopplegget. Eksamenar, prøvar, oppgåver med meir, som er avlagde eller innleverde i perioden mellom 1. august og 31. desember og mellom 1. januar og 31. juli kjem fram på karakterutskrift/vitnemål som avlagde eller innleverde høvesvis i haustterminen eller vårterminen.

Fadderveka startar måndag 13. august.

Offisiell semesterstart er også måndag 13. august.

 


Sist oppdatert av Eilef Johan Gard (14.11.2017)

Skriv ut artikkel print symbol