Språkpolitiske retningslinjer ved UiS


Vedteke av Styret ved Universitetet i Stavanger 13. februar 2009.

UiS’ val av språk for undervisning, formidling, administrasjon og vitskapleg publisering er viktig for den generelle språkutviklinga i samfunnet. Ei viktig oppgåve for Universitetet i Stavanger som nasjonal kulturinstitusjon er å ta vare på og utvikle norsk språk. Dette gjeld både nynorsk og bokmål. Sidan nynorsk står svakast som bruksspråk i offentleg sektor, og sidan Universitetet i Stavanger ligg i ein region med mange nynorskbrukarar, vil universitetet ta eit særleg ansvar for denne målforma. UiS har òg stadig meir internasjonal aktivitet. Difor er det viktig å sikre parallellspråklegheit mellom norsk og andre språk.

Føremål
UiS ønskjer med desse retningslinene å sikre ei god språkutvikling ved UiS.
Målet er at UiS som forskings-, utdannings- og kulturinstitusjon bidrar til å halde norsk språk, og særleg norsk fagspråk, levande og i utvikling. UiS skal vere eit internasjonalt velvørd forskingsuniversitet og lærestad. Difor er det viktig å sikre ein parallellspråkleg praksis mellom norsk og andre språk.

Institusjonelle retningsliner for UiS
Norsk er hovudspråk ved UiS.
Engelsk eller andre språk vert brukte når det er fagleg formålstenleg.
UiS' bruk av nynorsk skal vere i tråd med krava i mållova.
UiS skal leggje til rette for at tilsette med annan språkbakgrunn enn norsk får tilstrekkelege norskkunnskapar. Dette er viktig av minst to grunnar. Arbeidsspråket ved UiS er norsk.
For å bli integrert i arbeidsmiljøet og trivast er det vesentleg å meistre norsk for å kunne delta i ”universitetets indre liv” og samfunnslivet elles. Dessutan er det eit krav at fast tilsette må lære seg norsk innan den perioden som er avtalt ved tilsetting.

Retningsliner for verksemdsområda ved UiS

Undervisning
Undervisningsspråket er i utgangspunkt norsk. Det kan likevel være formålstenleg å opne for engelsk i emne i det tredje studieåret av bachelorløpet og dessutan i høgare grads studium. Dette er viktig for å stimulere til studentutveksling og for å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar.
Institutta har ansvar for at undervisninga skjer på det språket som er annonsert i studieplanen. Val av engelsk som undervisningsspråk må grunngjevast.
Det er institutta som har ansvar for å kvalitetssikre førelesaranes språkkompetanse ved tildeling av undervisningsoppgåver.

Forsking
UiS skal leggje til rette for norsk som fullverdig vitskapleg publiseringsspråk. Engelsk eller eit anna framandspråk skal støttast for vitskapleg publisering når det er fagleg grunngjeve.
Alle publikasjonar som er skrivne på ikkje-skandinaviske språk, skal ha eit fyldig samandrag på norsk. Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på og utvikle norsk fagterminologi.

Formidling og samfunnskontakt
Forskingsformidling bør skje på det språket som er mest formålstenleg for dei aktuelle målgruppene.

Administrasjon og informasjon

Administrasjonsspråket ved UiS er norsk.
UiS bør sikre lett tilgjengeleg administrativ informasjon på engelsk i tillegg til norsk når det er nødvendig.

Tiltak for å oppfylle dei språklege retningslinene

• UiS har ansvar for at alle tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn får tilbod om til rette¬lagde norskkurs. Dette gjeld både kurs for å integrere nytilsette i arbeidsmiljøet og kurs for å kvalifisere tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn for undervisning på norsk.
• Tilsette i faste stillingar skal til vanleg kvalifisere seg for å undervise på norsk innan tre år. Den nødvendige kompetansen må dokumenterast gjennom ein språktest.
UiS skal tilby kurs for å styrkje den språklege kompetansen til tilsette som underviser på engelsk.

• UiS skal etablere støttekurs for studentar som har behov for å utvikle kompetansen i engelsk fagspråk.
• UiS bør vurdere å etablere eit eige senter for språktenester.
• UiS må lage ordningar for språkvask som sikrar den språklege kvaliteten på manuskript både på norsk og andre språk.
• Alle publikasjonar som er skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk skal ha eit fyldig samandrag på norsk. Tilsvarande skal publikasjonar som er skrivne på norsk ha eit samandrag på engelsk eller på eit anna framandspråk som er relevant for vedkommande fagfelt. Samandraga skal leggjast inn ved registrering i ForskDok og ved publisering i institusjonsdatabasar.
• UiS skal prioritere programvare som finst på norsk framfor variantar på andre språk og som finst på begge målformer, når dei tekniske og programmessige løysingane elles er like brukande.
• Universitetsdirektøren skal rapportere om språkutviklinga ved UiS til Styret kvart fjerde år.
 


Sist oppdatert av (10.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol