Nordplus-programmet


Nordplus består av fem delprogram; Nordplus Junior, Nordplus Voksen og Nordplus høgare Nordplus Horisontal og Nordplus Nordiske Språk. Til saman dekkjer dei heile utdanningssektoren og målsetjinga er både å styrke kvaliteten, men også vidareutvikle det nordisk-baltiske samarbeidet om utdanning.

Aktuelle delprogram for UIS:

Nordplus Høgare utdanning

Målet for Nordplus Høgare utdanning er å bidra til samarbeid mellom institusjonar innan høgare utdanning i deltakarlanda og til å etablere nettverk for utveksling og deling av erfaringar, gode døme og innovative resultat. Programmet støttar samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, som t.d. støtte til mobilitet for studentar og tilsette, og prosjekt/nettverksamarbeid. Lærestadar kan søkje om mobilitetsmidlar til utveksling med lærestadar i andre Nordplus-land for lærarar og studentar på bachelor og masternivå i inntil eit år. 

Nordplus Horisontal

Nordplus horisontal skal bidra til samarbeid mellom utdanningssektorane, og støtte nettverk og prosjekter. Programmet skal støtte innovative prosjekter som går på tvers av tradisjonelle kategoriar og sektorer, og som kan ta opp andre, nye, breiare og meir komplekse problemstillingar og utfordringar.

Nordplus Nordiske Språk

Nordplus Nordiske språk skal bidra til å styrkje språkforståinga i Norden. Programmet støttar aktiviteter som fremmar forståing og bruk av de nordiske språka blant dei unge. Primært dansk, norsk og svensk. Det støttar også utvikling av undervisningsmateriale og strategiar for å fremme kunnskap og bruk av de nordiske språka i undervisning på alle utdanningsnivå. 

Nordplus-nettverk ved UIS 

UIS er i dag medlem av ein rekkje faglege og opne nettverk i Nordplus, der Nordlys og Nordtek er dei største og mest aktive.

Korleis søkje?

Er ditt fagmiljø interessert i å søkje om eit prosjekt eller nettverketablering innan eit av desse 3 delprogramma du ta kontakt med Internasjonalt Kontor. Vi hjelper gjerne med meir informasjon og bistand i søknadsprosessen. Søknadene leverast elektronisk gjennom SIUs søknadssystem Espresso.

For meir informasjon om Nordplus programmet, sjå heimesida til Nordplus.

Neste søknadsfrist er 1.mars 2018

 


Sist oppdatert av Celine Nygaard (06.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol