Reglar og råd for betre målbruk i offentleg teneste


Her er nokre gode tips!

Mållova – kort sagt

Dei reglane i mållova som sentrale statsorgan, dvs. statsorgan med heile landet som tenestekrins, har mest bruk for, kan samanfattast slik:

  1. Statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent.
  2. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område skal vere i fleirtalsmålforma for området, og tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje frå statsorgan.
  3. Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege på begge målformer.
  4. Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege organ, skal ha svar frå eit statsorgan i den målforma dei sjølve har nytta i brevet til statsorganet.
  5. Private rettssubjekt kan krevje ei bestemd målform i alle løyve, faste formular o.1. som gjeld dei sjølve.
  6. Statsorgana har plikt til å syte for at dei tilsette innan rimeleg tid får opplæring i bokmål og nynorsk.
  7. Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.

Målvett for sentrale statsorgan
Teksten oppsummerer dei viktigaste reglane i lov om målbruk offentleg teneste og forskriftene til lova.

  1. Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform. (f § 4)
  2. Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. (l § 8,4)
  3. Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege instansar, skal ha svar på den målforma som er nytta i det innkomne skrivet. Private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular o.l. som direkte gjeld dei sjølve. (l § 6,1)
  4. Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 pst. Dette gjeld også for brosjyrar og redaksjonelt stoff i blad, tidsskrift og bøker. (l § 8,1, f § 6,1)
  5. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område skal vere i fleirtalsmålforma for området. Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje. (l § 8,1 og 8,3)
  6. Ved utsending av parallellutgåver av informasjonstilfang skal målvedtaka i kommunane som hovudregel leggjast til grunn. (f § 6,2)
  7. Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale og står fritt i val av målform i skriv til andre sentrale statsorgan. (f § 5,3)
  8. I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. (f § 5,3)
  9. Tilsette i embete eller tenestepost i staten der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta. (l § 4,1)
  10. Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. (f § 1,3)
  11. Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. (f § 1,2)

Meir om mållova kan de lese hos Språkrådet.


Sist oppdatert av (10.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Minst 25 prosent

Statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent.
Lova gjeld eksterne administrative dokument, og altså ikkje den faglege produksjonen og ikkje interne dokument.

Universitetet i Stavanger rapporterer kvart år om bruken av bokmål og nynorsk til Språkrådet. Fristen er 31. januar året etter det året rapporten gjeld.
 

Minst 25 prosent

Statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent.
Lova gjeld eksterne administrative dokument, og altså ikkje den faglege produksjonen og ikkje interne dokument.

Universitetet i Stavanger rapporterer kvart år om bruken av bokmål og nynorsk til Språkrådet. Fristen er 31. januar året etter det året rapporten gjeld.