LU 13/17 Tema for UU-LU fellesseminar 2017


Vedtakssak (P360 17/01416)

Saka gjeld: Læringsmiljøutvalet skal fastsetja dato og tema for fellesseminar for Læringsmiljøutvalet og Utdanningsutvalet. Dette året gjer utdanningsdirektøren framlegg om å utvida seminaret til eit oppstartsseminar for nye ordningar for akkreditering, etablering og revidering av akkreditering av studier.

Bakgrunn

Dei seinare åra har utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet (tidl. kvalitets- og læringsmiljøutvalet) arrangert eit felles seminar ved oppstart av nytt studieår. Tema på desse seminara har teke utgangspunkt i mandata for dei to utvala. Hausten 2015 var temaet internasjonalisering heime. Hausten 2016 var temaet dei nye standardane og retningslinene for kvalitetssikring i høgare utdanning i Europa.

Fellesseminara er eit tiltak i dei to utvala sine ynskje om å koordinera arbeidet og skapa større samforståing av utvala si rolle i arbeidet med kvalitet i utdanningane. Før seminardelen har det vore arrangert ein kursdel for nye medlemer.

Seminaret hausten 2017

Utdanningsutvalet og Læringsmiljøutvalet vedtok i februar i år møteplan for studieåret 2017 – 2018 (UU 4/47). Her vart fellesseminar sett til 23. august.

I arbeidet med revisjon av prosedyrer for studieprogramarbeid har det kome fram eit forslag om å arrangera eit oppstartseminar for arbeidet med revidering av studier (sjå sak UU 12/17). Fram til utgangen av 2018 skal alle studieprogramma ved UiS gjennomgå eit tilsyn som har som føremål å sjå til at krava i dei nye forskriftene er oppfylde. Til dette arbeidet er det utarbeidd retningsliner og prosedyre, som vart lagt fram for Utdanningsutvalet 23. mai 2017, saman med framlegg til eit program for gjennomgang av studia.

Utdanningsdirektøren støttar framlegget om eit oppstartseminar for å leggja til rette for ein god start på denne prosessen, og føreslår samtidig at oppstartseminaret erstattar det ordinære fellesseminaret for utvala. Oppstartseminaret vil vera retta mot medlemene dei to utvala og alle som vil verta involverte i revidering av studier, serskilt dei studia som skal reviderast studieåret 2017 – 2018. Dette gjeld undervisingspersonale, studenttillitsvalde, studieadministrativt personale og leiarar på institutt- og fakultetsnivå, Uniped, representantar for biblioteket og it-avdelinga.

Utdanningsdirektøren sitt framlegg inneber at den vedtekne dato for fellesseminaret må endrast. Opplæring av nye utvalsmedlemer vil då ikkje falle på same dag som fellesseminaret.

Framlegg til vedtak: Utvalet vedtek at det planlagte oppstartseminar for arbeidet med revidering av studier samstundes nyttast som årets fellesseminar for Læringsmiljøutvalet og Utdanningsutvalet. Utvalet ber utdanningsdirektøren i samarbeid med prorektor og fakulteta om å fastsetja dato for seminaret, og førebu det med omsyn til dei innspela som kom fram i møtet..  

 

Saken er godkjent av utdanningsdirektøren 16.05.2016. 

Sakshandsaming: Eilef Johan Gard

Saksdokumentet i pdf-format:  LU 13-17 Tema for UU-LU fellesseminar 2017.pdf


Sist oppdatert av Stig Selmer-Anderssen (16.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol