LU 06/16 Møteplan for studieåret 2016-2017


Vedtakssak (P360 16/00080-6)

Saka gjeld: Fastsetting av møteplan for studieåret 2016-2017

Bakgrunn

Møteplanane for utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet har sidan 2014 vore samkøyrde for å gjera planleggjinga av arbeidet mellom dei to utvala lettare, og for å styrkja utvala sitt strategiske arbeid i spørsmål knytt til utvikling av studiekvalitet koordinert med andre sentrale utval og styret ved UiS. Samarbeid mellom utvala har vist seg enklare når UU og LU sine møteplanar korresponderar godt med kvarandre og med styret sin møteplan. Styret skal i møte 11. februar fastsetja møteplan for studieåret 2016/2017. I utdanningsdirektøren sitt framlegg til møteplan for UU og LU er det teke omsyn til denne planen.

Møteplan

Utdanningsdirektøren gjer framlegg om fylgjande møteplan for dei to utvala:

Læringsmiljøutvalet Utdanningsutvalet

Styret sin                          

møteplan                                .

14.09.2016  Kurs og fellesseminar

14.09.2016  Kurs og fellesseminar

 
20.09.2016 21.09.2016 06.10.2016
15.11.2016 16.11.2016 01.12.2016
    09.02.2017
14.02.2017 15.02.2017 09.03.2017
04.04.2017 05.04.2017 04.05.2017
23.05.2017 24.05.2017 08.06.2017

 Utdanningsdirektøren si vurdering

Det vert lagt opp til eit innføringskurs for nye medlemmer i starten av semesteret, før det fyrste møtet i utvala. I fylgje årshjulet for utvalet (sakene KLU 14/14 og KLU 51/15) skal det arrangerast fellesseminar for UU og LU i august/september 2016. Kurset og fellesseminaret vart i 2015 lagt til same dag, med kursdelen om føremiddagen og fellesseminaret om ettermiddagen etter en felles lunsj. Utdanningsdirektøren ser at utvala gjorde gode erfaringar med ei slik ordning, og føreslår å vidareføra denne. Eit detaljert program for kurset og fellesseminaret vert lagt fram for utvala i mai.

Læringsmijøutvalet har fått nytt namn og mandat frå 1.1.2016, og får frå hausten 2016 også ny samansetting (sjå sak LU 07/16). Samstundes kan ein rekna med at det innan hausten er fastsett endringar i universitets- og høgskolelova og i studiekvalitetsforskriften, og kan hende i studietilsynsforskriften. Utdanningsdirektøren ser det som tenleg at det då ikkje er møte i utvalet før midten av september, slik at utvala sine medlemmer kan ha tid til å setja seg grundig inn i dei endra rammetilhøva i framkant av første møtet.

 

Framlegg til vedtak:  ​Utvalget vedtek møteplan for studieåret 2016 – 2017 i samsvar med utdanningsdirektøren sitt framlegg.

 

 

Saka er godkjend av utdanningsdirektøren 11.02.2016.

Sakshandamarar: Eilef J. Gard / Stig A. Selmer-Anderssen

Saksdokumentet i pdf-format: LU 06/16 Møteplan for studieåret 2016-2017

 

                                     


Sist oppdatert av Stig Selmer-Anderssen (11.02.2016)

Skriv ut artikkel print symbol