SEROS-pris for krisekommunikasjon


Lise Andreassen Hagir og Alf Inge Molde får SEROS-prisen 2018 for framifrå studentarbeid. I masteroppgåva ser dei nærare på krisekommunikasjon i 19 alvorlege hendingar i Noreg mellom 1997 og 2016.

Leiar for Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet (SEROS), Sissel Haugdal Jore delt ut prisen under Samfunnsikkerhetskonferansen ved UiS 4.januar.

Kvart år skriv meir enn 100 studentar masteroppgåve innan samfunnssikkerheit ved UiS, og oppgåva som får prisen er framifrå studentarbeid i eit tema som passar konferansen, sa Haugdal Jore under utdelinga.
 
Her kan du laste ned og lese masteroppgåva «Hva har skjedd? Hva gjør dere? Hvem har skylden? Krisekommunikasjon i alvorlige hendelser i Norge»


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (04.01.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
To glade prisvinnarar saman med ho som delte ut prisen.
Alf Inge Molde og Lise Andreassen Hagir saman med leiar av SEROS Sissel Haugdal Jore. Foto: Mari Løvås.