Misjon på film


Ein ny dokumentar tråkkar opp spora etter misjonens gullalder på Madagaskar og skildrar siste rest av misjonsarbeidet i Noregs ytterkant anno 2015.

I filmen «Film fra hedningeland» har filmskapar Hallgeir Skretting fylgt Signy Halsne (93) og Astrid Eike (80) på Finnøy og deira arbeid med den årlege basaren. I same film får vi sjå arkivopptak frå misjonsfilmen om gjetarguten Koto i ein landsby på Madagaskar som ikkje fekk gå på skulen.

Bjergøy misjonslag på Sjernarøy har ikkje mykje til felles med gjetarguten Koto, men tre ting bind dei likevel saman: misjonen, filmen og misjonærdottera som reiser tilbake til sitt barndoms rike.

Berit Meling Myklebust (75 år) er dotter åt misjonæren Gunnar Andreas Meling som på 1950-talet laga filmar frå sitt arbeid på Madagaskar. Ein av filmane var fiksjonsfilmen «Koto som ikke fikk gå på skole» (1951). Skretting har intervjua misjonærdottera og filmteamet følgjer ho på ei reise til Madagaskar. Dei prøver å finne att guten som spelte Koto, som i dag er ein vaksen mann på over 80 år. 

– Skattane som finst i Misjonsarkivet vitnar om ein heilt spesiell epoke i norsk historie. Dette er også ein nokså ukjend del av kulturhistoria vår, derfor er det viktig å syne dette fram, fortel Skretting, som er tilsett ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved UiS og har brukt si forsking- og utviklingstid for å ferdigstille filmen.

Dokumentarfilmskaparen har henta Koto-filmen frå arkivet på Misjonshøgskulen i Stavanger. Desse arkivopptaka tek oss med på ei reise tilbake i tid – til den gongen misjonsarbeidet var på sitt mest energiske, og til den gongen misjonsfilmen gjorde stor suksess i Noreg.

Filmsuksess
Filmen om Koto var den fyrste fiksjonsfilmen Det Norske Misjonsselskap (NMS) produserte og handlar om gjetarguten som vart redda av misjonæren. Skretting syner arkivopptak frå filmen i fleire sekvensar.

Kotos store draum er å få gå på skule, men faren nektar han dette: det er gjetar han må være. Men Koto lurer seg ofte bort frå kveget og sit i døropninga på skulen for å lære å lese og skrive. Ein dag då Koto har lurt seg til skulen, går oksane over på naboen sin risåker. Då overhøvlar faren sonen sin. Misjonæren som var på besøk i landsbyen då dette skjedde, forklarer faren at han må la Koto få gå på skulen. På slutten av filmen ser vi Koto følgje misjonæren til misjonsstasjonen. Han er redda og han har fått ei ny framtid.

– Misjonsfilmane var propagandistiske og hadde eit enkelt bodskap. Filmane hadde stor innverknad på korleis nordmenn såg på «Dei andre», fortel Skretting.

Misjonsfilm var stort på 1950- og 60-talet. Sjølv om film og kino var stor synd i enkelte miljø, vart misjonsfilm som propaganda ein stor suksess. Meir enn 150 000 nordmenn såg desse filmane frå Det Norske Misjonsselskap i toppåret 1957, dei følgjande åra meir enn 100 000 årleg.

– Filmane hadde tre føremål. Det eine var å informere om misjonsarbeidet. Det andre var å rekruttere misjonærar og det tredje var å samla inn pengar så ein kunne fortsetje arbeidet, forklarer Skretting.

Via eit EU-prosjektet har han fått digitalisert nokre av misjonsfilmane i Misjonsarkivet i Stavanger. No skal han i gang med å forske i arkivet på kultursenteret Lovaosa på Madagaskar, eit senter som UiS er partnar i.

Ullsokkar og kransekake
Innsamlinga av pengar til misjonsarbeidet vart gjort på bygda av driftige damer som strikka, broderte, laga kransekakar og lodda det ut på ein basar. Pengane gjekk til misjonsarbeidet, slik at heidningane skulle få gå på skule og høyre evangeliet.

Hallgeir Skretting måtte leita ei stund etter eit misjonslag som dreiv basar på den gode, gamle måten. Til slutt fann han Bjergøy misjonslag. Sjølv om rekrutteringa til misjonslaget går trått, held Signy og Astrid stand. Dei strikk, bakar og legg vekt på å arrangere den årlege basaren akkurat slik dei alltid har gjort det.

 – Det flotte med desse damene er dugnadsviljen og at dei jobbar for noko utanfor dei sjølv. Hadde det ikkje vore for desse kvinnene og deira likesinna hadde ikkje norsk misjonsarbeid lukkast i like stor grad som det dei gjorde, fortel Skretting.

Han er svært nøgd med at han fekk lov til å følgja misjonslaget i deira arbeid med basaren.
 
– Eg har filma siste rest av ein utdøyande kultur. Kvinneforeiningars arbeid ute på bygdene er i ferd med å gå i gløymeboka. Vi kan ikkje vente lenger med å vise fram dette, då går vi glipp av mykje, fortel Skretting.

Misjonen sette spor
Madagaskar er norsk misjons suksesshistorie, ifølgje Skretting. Og talas tale er klåre. Det var her flest folk omvende seg som eit resultat av norsk misjonering. Norske misjonærar grunnla for 150 år sidan den lutherske kyrkja på Madagaskar som no har over 3 millionar medlemmar, fleire medlemmar enn det er i den norske statskyrkja.

 – Ein kan like det eller ikkje, men norsk misjon har sett spor, seier Skretting.  

Fotografen og filmskaparen har funne si nisje. Han har saman med UiS-kollega og journalist Turid Borgen vore på Madagaskar 6 gonger. Den fyrste gongen var i 1992 som tilsette i NRK. Då følgde dei ein misjonær på førstereis til Madagaskar.

 – Den gong var det mange misjonærar på øya. Mykje har skjedd sidan då. I dag er det berre ei handfull misjonærar att. Arbeidet er teke over av den lokale kyrkja, noko som nok er ein villa politikk frå Det Norske Misjonsselskap, fortel Turid Borgen. Ho har vore med på opptaka og har kommentar på filmen.

Like fattige som på 1950-talet
Like vanskeleg som å finne Signy og Astrid, var det å finne Koto.

– Vi trudde at om vi klarte å finne fram til landsbyen der Meling sin film hadde vorte spelt inn, så ville dei gamle i landsbyen hugse innspelingane eller etterkommarar som hadde høyrt om hendinga, fortel Skretting.

I filmen kjem teamet til ein landsby som berre er framkommeleg med kano. Og sjølv om misjonsarbeidet har satt sine spor i form av landsbyprest, kyrkje og ei stor kyrkjelyd, så er mykje ved det same.

– Denne landsbyen ser akkurat lik ut i dag som den gjorde på 1950-talet då filmen vart spela inn. Her har det ikkje skjedd noko. Dei er like fattige. Og det er mange Kotoar framleis i dag – gutar som må gjete i staden for å gå på skule, reflekterer Skretting.

Filmen har fått støtte frå Filmkraft og Fritt Ord. Den skal visast på dokumentarfilmfestivalen i Volda og på NRK, men ønskedraumen åt Skretting er å få vist filmen på gassisk fjernsyn og på ein afrikansk filmfestival.

–  Eg tenkjer litt på korleis gassarane vil reagere på filmen. Kanskje vil dei le på heilt andre plassar enn det vi gjer?

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen

Kjelder: 
H. Skretting (2011) Ville hedninger: Norske misjonsfilmer fra 1936 til 1968. Ekfrase: Nordisk Tidsskrift for Visuell Kultur, vol. 2, nr. 1, side 34-47

Mission archives on You Tube: YouTube-kanalen til Universitetet i Stavanger der ein del av misjonsfilmane ligg tilgjengeleg for alle. 

Misjonsarkivet ved Misjonshøgskulen i Stavanger. 

«Koto som ikke fikk gå på skole»: Fiksjonsfilm. Fra Madagaskar. Foto: Johan Jørgensen. Manus: G Andreas Meling. Tid 16 min. 40 sek. Stumfilm i 1951, lydfilm i 1963.


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (08.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567