Innflytting til nytt SV-bygg


Det nye SV-bygget står ferdig i byrjinga av mai. Då skal 86 tilsette på flyttefot, og studentane får meir rom å boltra seg på.

Med eit areal på 4800 kvadratmeter fordelt på tre etasjar har Universitetet i Stavanger (UiS) no fått eit nytt bygg som skal dekkje behovet for kontor og undervisningslokalar. Tilsette og studentar ved UiS får mykje flott boltreplass når det nye SV-bygget no står klar for innflytting primo mai.

Noko av det kjekkaste med bygget er eit auditorium med plass til 646 studentar. Det er eit av dei største auditoria som Statsbygg har vore med på å byggje.

Det nye bygget har ikkje noko kantine, men eit ope rom i fyrste etasje har eit mini-kjøkken og er møblert.

Den offisielle opningsdagen er ikkje fastsett, men truleg blir bygget overlevert i august i veke 34. Då blir det nøkkelseremoni med fanfare og kake.

Flytteplan
I byrjinga av mai, rettare sagt i veke 19, er bygget ferdig. Møblane kjem i mai (veke 20, 21 og 22). Profesjonelle flyttefolk er bestilt.

Handelshøgskulen (HH) og Institutt for medie, kultur og samfunnsfag (IMKS) med til saman 86 tilsette flytter i slutten av mai, veke 22 er sett av til det.

Det er seniorkonsulent i Felles resurssenter Rolf L. Ringdahl som sørgjer for logistikken og som har laga flytteplanen i samarbeid med SV-Fakultetet.


Les flytteplanen.

Oppussing
Dei frigjevne romma i Ellen- og Axel Lunds hus og C-blokka i Kjølv Egelands hus blir pussa opp i juni. Det skjer før administrasjonen åt SV-fakultetet flyttar inn i Ellen- og Axel Lunds hus og administrasjonen åt Teknat-fakultetet flyttar inn i C-blokka i Kjølv Egelands hus.

I tillegg blir det noko intern flytting i C- og D-blokka i Kjølv Egelands hus. 

Meir rom åt studentane i KE
Det er ikkje slik at Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet får Kjølv Egelands hus åleine. Studentane treng meir plass.

– Studentane har i mange år hatt for lite boltreplass. Når SV-administrasjonen og IMKS flyttar ut blir mange kvadratmeter frigjort. Av desse får studentane 75 grupperom, fortel Ringdahl.
 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (14.04.2015)

Skriv ut artikkel print symbol
Det nye SV-bygget ved Universitetet i Stavanger
NNFLYTTINGSKLART: I mai kan tilsette ved Handelshøgskulen (HH) og Institutt for medie, kultur og samfunnsfag (IMKS) flytte inn i det nye SV-bygget.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567