Masteroppgåver til torgs


Studentane Anne Lill Mjølhus Njå, Kjartan Fosså og Susanne Edvardsen håper på mange gode tips til kva dei kan skrive om i sine masteroppgåver. På eit eige forskingstorg for helse- og sosialfag er dei klare for å bli inspirerte.

Forskingstorget er ein møteplass for førsteårsstudentar på master i helsevitskap og master i sosialfag. Her kan dei møte forskarar ved Institutt for helsefag og Institutt for sosialfag og representantar frå arbeidslivet og ulike organisasjonar som fortel om tema og prosjekt som dei ønskjer studentane tar del i.

Seminaret går over to dagar, frå onsdag 21. januar til og med torsdag 22. januar, i Kjell Arholms hus.

Har tenkt litt
– Eg har nokre idear, men er open for ulike forskingsprosjekt. Eg jobbar ved kirurgisk divisjon ved Stavanger universitetssjukehus, så eg trur kanskje det kan bli eit prosjekt i samarbeid med sjukehuset, seier Susanne Edvardsen, som går på master i helsevitskap. 

Medstudent Kjartan Fosså vil også forske på eige praksisfelt. Han jobbar innan psykiatri og er spent på kva moglegheiter som vil dukke opp i løpet av desse to dagane.

Det er også Anne Lill Mjølhus Njå, også ho frå master i helsevitskap. Ho har gjort seg nokre tankar om kva felt ho vil jobbe med, men er klar for innspel. Sjølv er ho tilknytt Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (Korfor).

– Eg har lyst å jobbe saman med Korfor om eit prosjekt innan rus, men eg har ikkje bestemt meg for problemstilling ennå, fortel ho.

Forsking på praksis
For det er mykje å velje i på forskingstorget. Temaa spennar vidt, frå forsking på barn i fosterheimar til forsking på kosthold til eldre på sjukeheimar.

Blant dei som vil ha studentane med på laget er Stavanger kommune, Stavanger universitetssjukehus (SUS), Kreftforeningen, Norsk fosterhjemsforeining, Senter for spiseforstyrrelser, Pårørendesenteret, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (Korfor), Måltidets hus og fleire forskargrupper ved UiS.  

– Vi ønskjer meir dokumentasjon på det vi gjer og vil gjerne ha hjelp frå ein eller fleire  masterstudentar til å finne ut meir om vår eigen praksis. Vi kan også tilby studentar å forske i eit prosjekt vi har som gjeld overvekt og overspising, fortel pedagogisk ansvarleg i Senter for spiseforstyrrelser (SFS), Tone Anita Østrådt.

Ho synest forskingstorget er eit flott arrangement, som gir arbeidsliv og organisasjonar høve til å møte engasjerte studentar og knyte band. Ein vinn-vinn-situasjon.

– Så eg håper å få nokre studentar med på laget i løpet av desse to dagane, fortel ho.

Mange problemstillingar
Forskingstorget er eit årleg arrangement. Det er Institutt for helsefag og Institutt for sosialfag som samarbeider om tilbodet.

Målet er at studentane, gjennom å få presentert meir enn 30 problemstillingar og tema dei kan jobbe med i masteroppgåva, vil knyte band til ulike forskingsmiljø ved universitetet og institusjonar og organisasjonar i samfunnet.

Sjå heile programmet for Forskingstorget 2015


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (08.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentane Anne Lill Mjølhus Njå, Kjartan Fosså og Susanne Edvardsen
FINT TILBOD: Studentane Anne Lill Mjølhus Njå, Kjartan Fosså og Susanne Edvardsen på master i helsevitskap synest det er fint å få moglegheit til å jobbe med problemstillingar som arbeidslivet og organisasjonar treng svar på. Dei ser fram til å få fleire idear til tema for masteroppgåva si på forskingstorget. Foto: Asbjørn Jensen
Tone Anita Østrådt frå Senter for spiseforstyrrelser
PÅ STUDENTJAKT: På forskingstorget håper Tone Anita Østrådt frå Senter for spiseforstyrrelser å få med seg studentar som vil forske på overvekt og på korleis brukarar vurderer senteret sine tilbod og tenester. Foto: Asbjørn Jensen
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567