Klart for Forskar grand prix på NRK


Søndag 21. desember klokka 16.15 blir Forskar grand prix frå Stavanger vist på NRK2. Programmet er produsert av fjernsynsproduksjonsstudentar frå Universitetet i Stavanger.

I 2010 blei det for første gong i Noreg arrangert Forskar grand prix i Stavanger, Bergen og Trondheim. Konkurransen i forskingsformidling for doktorgradskandidatar er knytt til dei årlege i september; ein festival som blir arrangert i samarbeid med Norges Forskingsråd.

Forsking på fire minutt
Den 18. september i år fann arrangementet stad i ein fullsett sal på Folken. Ti kandidatar frå Universitetet i Stavanger (UiS), Misjonshøgskolen (MHS) og Stavanger Universitetssjukehus (SUS) hadde fire minutt kvar til å formidle si forsking til publikum og dommarar. Temaa spente breitt, frå magetrøbbel til vindkraftpolitikk, frå forfattarskap til digitale verktøy i sjukepleie.

Programleiar var Hilde Zahl og i dommarpanelet sat sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, kunstnar Hege Tapio og direktør ved IRIS, Ole Ringdal.

Dei ti kandidatane som konkurrerte i forskingsformidling var Marie Undheim (UiS), Janne Thygesen (UiS), Stian S. Eriksen (MHS), Kristine Kjer Byberg (SUS), Kjersti Vik (UiS), Cecilie Haraldseid (UiS), Ole-Erik Vestøl Endrerud (UiS), Elin-Johanne Katle (SUS), Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim (UiS) og Dagrunn Nåden Dyrstad (UiS). To av dei gjekk vidare til den nasjonale finalen i Forskar grand prix i Oslo 27. september.

Produsert av studentar
Søndag 21. desember kan du altså sjå heile showet på tv. Kunnskapsklanalen på NRK2 viser programmet frå Stavanger, som er nummer to i rekkja av sendingar frå byane som deltok i årets Forskar grand prix. Den nasjonale finalen frå Oslo blir sendt 10. januar.

Heile produksjonen frå Stavanger er det studentar som står bak. Produksjonsteamet blei leia av universitetslektor Torfinn Ingeborgrud ved UiS.

Det er studentar på andre året på fjernsyns- og multimedieproduksjon som har gjennomført  produksjonen, og heile klassen var i sving på Folken.

Kontroll i regirommet
For nokre veker sidan blei student Martha Nag Jøssang ferdig med etterarbeidet av produksjonen. I redigeringsrommet i lokala til medieutdanningane har ho jobba med å finpusse programmet for sending på NRK2.

Programmet var for langt og måtte kortast ned til ein time og 49 minutt. Ho synest det var ei nyttig erfaring å ta med seg.

– Det var både kjekt og litt vanskeleg. Eg har lært at redigering tar lang tid og at ein mot slutten kan bli litt blind på ting ein har sett mange gonger, seier Jøssang, som har jobba med opptaka i nærare 20 timar.

Ho syntest også det var interessant å lære korleis ein kan redigere produksjonar som er «live on tape». No ser ho fram til sendinga på søndag.

– Det er spennande at det skal sendast på NRK. Mens eg jobba med det tenkte eg at det var rart at eg skulle redigere noko for dei, seier Jøssang.

Les meir om programmet på nrk.no


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.12.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Programleiar Hilde Zahl under Forskar grand prix 2014
TIL TV-SKJERMEN: Fekk du ikkje med deg Forskar grand prix på Folken i Stavanger i september? Då får du sjansen søndag 21. desember. Programleiar Hilde Zahl ønskjer velkomen. (Foto: Asbjørn Jensen)
Student Martha Nag Jøssang
KLAR FOR SENDING: Student Martha Nag Jøssang har jobba med å finpusse programmet for sending på NRK.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567