Blodig alvor på campus


Helsepersonell kjem til i hui og hast når tre skadde jenter ligg på bakken med opne sår. Det er blodig alvor når sjukepleiarstudentane trenar på campus.

Skodespelet er regissert for og med sjukepleiarstudentar i alle rollar. Øvinga skal gi studentane trening i akutt førstehjelp. Det er kaldt ute, men temperaturen på staden er høg.

Korleis er pulsen? Er pasienten stabil? Har ho frie luftvegar? Korleis er blodtrykket?  Studentane frå andre året på sjukepleiarstudiet er i full sving med å sjekke pasientane sine.

Den eine har fått ein hovudskade, den andre har skada beinet og den tredje har ein tarm som har funne vegen ut av magen. Den simulerte situasjonen er kritisk, studentane må tenkje raskt og ta viktige og riktige val. Kven skal fraktast inn først? Korleis skal pasientane løftast?

Kjekt med action
Alle studentane på andre året på sjukepleieutdanninga har over fire dagar fått prøve seg anten som pasient eller livreddar. Øvinga skal gi dei trening i å gi førstehjelp i ein tenkt situasjon med fleire tilsynelatande skadde pasientar.

På sjukepleiestudiet trenar studentane på prosedyrar og ferdigheiter både inne på sjukepleielaboratoriet, på treningssenteret SAFER, ute på campus og ved hjelp av læringsverktøyet Simpad. I tillegg har studentane fire periodar med praksis på ulike avdelingar på sjukehus og sjukeheim.

– Det er kjekt med litt action. Vi lærer mykje av å gjere prosedyrane sjølve og får trening i å halde hovudet kaldt, seier Vetle Hetland, som under øvinga jobba med å redde livet til pasienten med open bukskade.

A-ha-opplevingar
Også Marie Idsø og Cecilie Nesse jobba som helsepersonell under øvinga. Dei tok hand om pasienten med hovudskade.

– Det er bra å kjenne at pulsen stig litt. Også er det alltid mykje å lære på debriefinga etterpå. Då får me ofte nokre a-ha-opplevingar, fortel Idsø.

– Det er fint å få prøve seg i praksis. Då finn du lettare fram til kva du har lyst å jobbe med når du er ferdig sjukepleiar. Det er jo eit veldig givande yrke, der du kan jobbe med mykje forskjellig, seier Nesse.

Dei tre synest det er bra å få kjenne litt på korleis stressnivået kan vere i yrket som sjukepleiar. Om dei klarer halde hovudet kaldt og fokusere på å redde liv framfor lem.

Forsterkar læringa
Førstelektor og koordinator Ingrid Tjoflåt ved Institutt for helsefag ser mange fordelar med slike øvingar for studentane.

– Studentane får erfare korleis dei må kommunisere og samarbeide i team når dei skal gi førstehjelp og korleis dei kan vurdere pasienten sin tilstand systematisk, fortel ho.

På førehand har studentane også hatt stasjonsundervisning, der dei har fått trene seg på ulike typar ferdigheiter dei treng for å kunne utføre førstehjelp. Dei har mellom anna lært seg korleis pasientar skal løftast opp på bårer og korleis brotskader skal spjelkast.

– Vi simulerer mange ulike situasjonar med studentane undervegs i studiet, og debriefinga etter øvingane forsterkar sjølve læringa til studentane. Slik får dei erfaring dei kan ta med seg vidare, seier Tjoflåt.

Les også: Hjarteinfarkt på elektrolaben
Les også: Livreddende trening på SAFER


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (24.11.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Sjukepleiarstudentar øvar på førstehjelp
GOD LEIING: Leiar på skadestaden og teamet hans må kommunisere tett og handle raskt. Her rapporterer Vetle Hetland (til høgre) korleis tilstanden til den skadde med bukskade er.
Sjukepleiarstudentar øvar på førstehjelp
RIKTIGE VAL: Cecilie Nesse og Marie Idsø må raskt bestemme seg for korleis dei kan få snudd pasienten med hovudskade og om det er forsvarleg.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567