10 000 arbeidstakarar i prosjekt om alkohol og sjukefråvere


Samtidig som unge drikk mindre enn før, drikk vaksne meir. Helsedirektoratet ynskjer å prøve ut to ulike tiltak for å redusere risikofylt alkoholbruk. Institutt for helsefag ved UiS skal leie prosjektet WIRUS som har det som formål.

Dersom prosjektet viser at tiltaka verkar, vil Helsedirektoratet tilby dei til arbeidslivet.

I tillegg til å finne ut om tiltaka verkar skal forskarane undersøkje kva for nokre grupper dei fungerer for med tanke på til dømes utdanningsnivå, bransje, kjønnssamansetnad og kultur i bedrifta dei er i.


Stort folkehelseproblem
– Alkohol er eit av dei største folkehelseproblema vi har i Noreg. Dersom tiltaka fungerer, kan dei bidra til å betre livskvaliteten til personar med eit risikofylt alkoholbruk. Dessutan kostar sjukefråvere grunna alkohol samfunnet store summar. Til dømes har mykje av eindagssjukefråveret grunn i bruk av alkohol, seier Randi Wågø Aas, som er prosjektleiar og førsteamanuensis ved Institutt for helsefag, UiS.

I prosjektet skal forskarane også undersøkje såkalla sjukenærvær. Det vil seie å vere på jobb utan å kunne yte like mykje som vanleg.


Kva tiltaka går ut på
Dei to metodane heiter Riskbruk og Balance. I Riskbruk-modellen får arbeidstakarane oppfylging av bedriftshelsepersonell gjennom to samtalar, som byggjer på metoden Motiverande intervju. Dei får tilbod om alkoholscreening og blir tatt blodprøver av.

Balance er eit sjølvinstruerande, internettbasert, helsefremmande tilbod til dei som vil sjekke og eventuelt justere sine alkoholvanar. Programmet gir også råd om takling av stress og korleis brukaren kan få det betre i kvardagen.

Utviklinga i alkoholbruk blant unge og vaksne har gått i kvar sin retning. Resultat frå Ungdata sine undersøkingar viser at ungdom på ungdomsskulen og vidaregåande drikk mindre enn før. Vaksne drikk meir enn før, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

10 000 arbeidstakarar deltek i prosjektet. Namnet på prosjektet er WIRUS (Workplace Interventions preventing Risky Use of alcohole and Sickleave). Det er finansiert av Helsedirektoratet.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (26.08.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Vinglass og flaske
Sjukefråvere grunna bruk av alkohol kostar samfunnet store summer. Illustrasjonsfoto: Elisabeth Tønnessen
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567