Vil få ned talet på unge uføre


Haugesund og Karmøy har ein høgare prosentdel unge uføre enn Sør-Rogaland. Institutt for sosialfag, UiS ledar eit program som har som målsetting å teste ulike framgangsmåtar for å få ned talet.

–  Vi ser på kva som kan vere grunnane til at Nord-Rogaland har ein høgare prosentdel unge uføre enn Sør-Rogaland. No er vi i gong med å intervjue tilsette og brukarar på NAV-kontor. I prosjektet skal vi finne fram til og teste ulike virkemiddel for å få ned talet på unge uføre, seier prosjektleiar Anne Grete Jenssen ved Institutt for sosialfag, UiS.

Programmet er ein del av det nasjonale forskings- og utviklingsprogrammet Praksis- og kunnskapsutvikling i NAV-kontora. Målsettinga er å bidra til systematisk og forskingsbasert styrking av kvaliteten på NAV-kontora sine virkemiddel.

Programmet i Rogaland er eit samarbeid mellom UiS, Fylkesmannen i Rogaland, NAV Rogaland, NAV Haugesund og NAV Karmøy. Prosjektet får eit årleg tilskot på cirka 4 000 000 og varar ut 2016.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (11.04.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Nav, logo
Deltakarane i forskingsprosjektet er i ferd med å dokumentere situasjonen for klientgruppa dei forskar på.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567