Seminar om pårørandeforsking


Torsdag 5. desember samlast forskarar og praktikarar som er opptekne av pårørande og deira rolle i helse- og velferdstenesta. Målet for samlinga ved UiS er å utvikle eit formelt kunnskapsnettverk om pårørande.

Ved UiS er pårørandeforsking eit satsingsfelt og no inviterer forskarane som jobbar med temaet til ei samling for å utvikle eit nasjonalt nettverk.

Forsking for framtida
– Ved å etablere eit nettverk vil vi kunne styrke forskinga på pårørandestøtte og på pårørande si involvering. Dette handlar om å ta samfunnsansvar for den framtida vi har i møte innan helse- og velferdstenesta, seier leiar for forskargruppa ved UiS, Kristin Humerfelt ved Institutt for helsefag.

Gjennom eit tettare samarbeid mellom praktikarar, brukarar og forskarar, håper Humerfelt at pårørande si involvering og pårørandestøtte vil bli ein meir integrert del av velferdstenestetilbodet.

Forskingsfunn skal formidlast gjennom nettverket, som skal kunne bidra til at kunnskapen blir nytta til fagleg utvikling av tenestetilbod som fokuserer på pårørande.

Mange partnerar
Forskargruppa har lenge samarbeida med Pårørandesenteret i Stavanger. Til samlinga kjem også representantar frå Nordlandssjukehuset, A-hus, Høgskolen i Vestfold, Helse Fonna, Rogaland A-senter og Stavanger kommune.

Førsteamanuensis Alice Kjellevold ved UiS vil halde eit innlegg om ny pårørandepolitikk og kva dette vil kunne bety for forsking. Kva trengst av forsking for å møte framtida sin pårørandepolitikk?

Bente Weimand ved A-hus vil halde eit innlegg om pårørande innan psykisk helse og det vil bli ein rundebordsamtale om kva det nye nettverket skal kunne brukast til.

Seminaret finn stad torsdag 5. desember i Arne Rettedals hus, rom G-201 frå klokka 10 til 16.
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (03.12.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Ei hjelpande hand (Illustrasjonsfoto: iStock)
Ei hjelpande hand (Illustrasjonsfoto: iStock)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567