Klarsignal for SV-bygget


Det planlagde SV-bygget på campus Ullandhaug er no blitt godkjent som kurantprosjekt av regjeringa. Godkjenninga betyr at bygget er eit viktig skritt nærmare realisering.

Regjeringa har no gitt klarsignal til bygging av SV-bygget ved at det er blitt godkjent som eit såkalla kurantprosjekt. Dette er prosjekt der dei statlege oppdragsgivarane sjølve dekkjer husleigekostnadene innanfor eksisterande budsjettrammer.

Fordi bygget kostar meir enn 50 millionar kroner måtte det søkjast om godkjenning frå departements- og regjeringshald. Neste skritt no er å få løyver frå Stavanger kommune til å gå i gang med bygginga.

– Det er gledeleg at regjeringa har gitt klarsignal til bygging av SV-bygget. Det har vore ein prosess som har tatt lang tid, men no er vi kome endå eit skritt lengre, seier ressursdirektør Rolf L. Ringdahl ved UiS. 

SV-bygget er planlagt ved parkeringsplassen ved Ellen og Axel Lunds hus på campus og vil ha eit areal på om lag 4800 kvadratmeter fordelt på tre etasjar. Bygget vil først og fremst bestå av auditorium og kontor for tilsette og studentar knytt til det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiS.

Ifølgje ressursdirektøren vil det bli kompensert for parkeringsplassane som i dag finst ved Ellen og Axel Lunds hus. 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (29.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Plantegning av SV-bygget, fasade nord
PÅ PAPIRET: Slik ser SV-bygget ut på papiret. Her visast fasaden i nord.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567