– Det norske HMS-regimet er robust


Det norske HMS-regimet for petroleumsverksemda fungerer godt, men kan utviklast vidare. Det er konklusjonen i ein rapport til Arbeidsdepartementet som no er offentliggjort. Professor Ole Andreas Engen ved UiS har leia ekspertgruppa som konkluderer.

Ifølgje den nasjonale ekspertgruppa fungerer samarbeidet mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane og myndigheitene godt i den forstand at det eksisterer ein kontinuerlig dialog mellom partane om saker som er knytt til helse, miljø og sikkerheit.

Samstundes peiker ekspertane også på nokre sentrale utfordringar:

– Det er behov for tydelegare prioritering og bruk av verkemiddel. Ein tilsynsstrategi som er risiko- og systembasert bør førast vidare. Regelverket bør også vere mest mogleg funksjonsretta, og knytt opp til industristandardar, seier UiS-professor Ole Andreas Engen.

– Myndigheitene bør også forbetre styringa av storulykkerisiko. Det kan dei gjere ved å justere regelverket slik at industrien si evne til gjennomføring av risikoanalyser blir vektlagd i betydeleg større grad, konstaterer han.

Utøving av skjønn
I arbeidet med rapporten har ekspertgruppa gjennomført omfattande intervjurundar med relevante organisasjonar og verksemder. Til saman er 89 personar intervjua. Ekspertgruppa har også analysert relevante dokumenter og fått skriftlege innspel frå partane.

– Dei synspunkta som kjem fram etter dei mange intervjua vi har gjort, dreier seg mest om utfordringar ved utøvinga av skjønn og usikkerheit knytt til handlingsrommet som oppstår ved bruk av eit funksjonsretta regelverk, seier Engen.

– Utan unntak er alle intervjugrupper positive til det norske regimet. Alle gruppene har framheva at det er viktig at Petroleumstilsynet er eit uavhengig og ikkje-partisk organ overfor næringa, legg han til.

Petroleumstilsynet blir såleis oppfatta som garantisten for at det norske HMS-regimet er funksjonsdyktig. Samstundes blir Petroleumstilsynet sin koordinerande funksjon og rolle overfor andre relevante tilsyn etterlyst og nokre meiner det er behov for meir informasjon og betre rådgiving knytt til HMS-regimet.

Robust regime
I rapporten konkluderer ekspertane med at det norske regimet har vist seg å vere robust over lang tid og overfor betydelege teknologiske og strukturelle endringar.

– Dagens HMS-regime bør vidareførast. Trepartssamarbeidet er ein viktig bærebjelke som må holdast ved like, seier Engen, som overleverte utredninga til Arbeidsdepartementet den 27. august.

– Rapporten vår gir ein dokumentasjon på kva som er status for HMS-systemet innanfor petroleumsverksemda og er meint som eit grunnlagsdokument for vidare refleksjon og diskusjon. Vi peiker også på nokre område der dagens regime kan bli betre, fortel Engen.

Også UiS-professor Preben Lindøe, som har leia forskingsprosjektet «Robust regulering» og som er medforfattar av boka «Risiko og tilsyn», har vore medlem av ekspertgruppa.

I tillegg til dei to UiS-professorane har ekspertgruppa bestått av seniorrådgjever Jakob Kringen ved Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, sivilingeniør Per Otto Selnes, forskar Janne Hagen frå Forsvarets forskingsinstitutt, professor Jan Erik Vinnem frå Preventor og professor Knut Kaasen frå Universitetet i Oslo. Sekretariatet har vore leia av forskingssjef Kåre Hansen ved IRIS.

Gjennomgangen av HMS-regimet på petroleumsområdet blei lansert i stortingsmelding 29 (2010-2011) og det var på bakgrunn av denne anbefalinga at Arbeidsdepartementet oppnemnte ekspertgruppa 31. oktober i 2012.

Les meir om overleveringa av rapporten på Arbeidsdepartementet sine nettsider

Les også:
Skal lede nasjonal ekspertgruppe
Ny bok om risiko og tilsyn
Derfor vil USA lære av Norge
Store forskjeller mellom USA og Norge


Sist oppdatert av Silje Stangeland (27.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Ole Andreas Engen og Cecilie Bjelland (Foto: Arbeidsdepartementet )
OVERLEVERING: Statssekretær Cecilie Bjelland i Arbeidsdepartementet fekk i dag overlevert rapporten av ekspertgruppa sin leiar UiS-professor Ole Andreas Engen. (Foto: Arbeidsdepartementet)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567