Integrering verd innsatsen


Leiarar synest det er verd innsatsen å ha personar med psykiske helseplager i arbeidspraksis. Det slår forsking frå UiS fast i ein ny rapport frå NAV.

I forskingsprosjektet er femten leiarar intervjua om deira erfaring med arbeidspraksis for personar med psykiske helseplager. I følgje rapporten «Veien inn i arbeidslivet» meiner leiarane at integrering er innsatsen verd, sjølv om dei opplever nokre utfordringar knytt til ordninga.

Postdoktor Ellen Ramvi ved Institutt for helsefag synest det er positivt at leiarar som har erfaring med slik integrering vil fortsetje med ordninga. Samstundes viser forskinga at leiarrollen også kan vere krevjande.

– Leiarane baserer seg stor sett berre på eigne erfaringar i arbeidet med praksisdeltakarane, og fleire fortel om situasjonar der dei kunne ha trengt meir støtte og kunnskap om psykiske lidingar, seier Ramvi, som har leia forskingsprosjektet. 

Saman med fleire UiS-forskarar jobbar ho med problemstillingar knytt til profesjonelle relasjonar hjå grupper av arbeidstakarar i skuleverket, i helsevesenet og i sosialtenesta.

Treng støtte
I rapporten frå NAV fortel leiarane at det kan vere vanskeleg å få vite nok om praksisdeltakaren på førehand til å kunne vurdere om han eller ho passar inn i verksemda.

– Analysen vår understreker betydinga av at leiarar får eit mest mogleg realistisk bilete av deltakarane på førehand. Samstundes kan praksisdeltakarane sin openheit gjere leiarane si oppgåve meir utfordrande. Det kan føre til at dei kjenner seg hjelpelause og usikre når dei manglar kunnskap om korleis dei skal handtere situasjonar, seier Ramvi.

Dersom leiarane skal gjere ein god jobb og unngå stressplager, treng dei støtte og hjelp i arbeidet med å integrere personar med psykiske helseplager på arbeidsplassen, meiner ho.

Ringverknader
Leiarane i undersøkinga meiner praksisordninga gir positive ringverknader for verksemda ved at ho er med å løyse oppgåver som det elles ikkje ville vore tid til å løyse.

Fleire av leiarane ser også ordninga som ein moglegheit til å rekruttere og lære opp nye medarbeidarar og leiarane føler også at dei utviklar seg som leiarar ved å ha personar med psykiske helseplager i praksis hjå seg.

Rapporten er finansiert av FARVE, som er NAV sitt program for forsking og forsøksverksemd.

Les meir om forskingsrapporten


Sist oppdatert av Silje Stangeland (08.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Postdoktor Ellen Ramvi
HAR INTERVJUA LEIARAR: Postdoktor Ellen Ramvi ved Institutt for helsefag har leia eit forskingsprosjekt som konkluderer med at leiarar synest det er verdt innsatsen å ha personar med psykiske helseplager i arbeidspraksis. Forskingsrapporten er finansiert av Nav.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567