Kvalitet og sikkerheit på Solakonferansen


Kvalitet og sikkerheit er tema under den årlege Solakonferansen. Frå 17. til 18. september møtast nasjonale og internasjonale ekspertar for å drøfte framtidsutfordringane.

Korleis blir kvalitetsomgrepet og sikkerheitsnivået i luftfarten sett under press i ein global og konkurranseutsett marknad der store og raske endringar stadig skjer?

Er det mogleg å oppnå betre kvalitet til ein rimelegare pris og samstundes oppretthalde og vidareutvikle det høge sikkerheitsnivået som kjenneteiknar luftfartsbransjen?

Styreleiar i Stiftelsen Solakonferansen, lufthamn-sjef Leif Anker Lorentzen, seier målet for konferansen er å engasjere deltakarane til debatt om sikkerheit og kvalitet i luftfarten. Tittelen på årets konferanse er «Kvalitet i luftfarten – More for Less?».

Ifølgje leiar for programkomiteen, flykaptein Odin Leirvåg, er spørsmålet om luftfarten er i stand til å oppretthalde ein god kvalitet i ei tid kor stadig nye aktørar set andre standardar for produkta. I følgje Leirvåg går trenda mot at volum skal aukast mot stadig lågare einskildekostnader for å skape konkurransefortrinn.

Solakonferansen 2013 ønskjer å belyse denne utviklinga for å sjå om den kan true sikkerheita og den forventa kvaliteten for den einskilde aktør i luftfarten.

Fyldig program
På programmet for konferansen er det mange innlegg både frå akademia og frå representantar for operatørar og brukarar i luftfarten. Mange av temaene er universelle for heile luftfarten, medan nokre er retta mot forhold som særleg gjeld for helikoptersektoren og innanlandshelikoptera. 

Konferansen blir opna av ordfører i Sola kommune, Ole Ueland. Deretter blir det eit par introduserande innlegg før førsteamanuensis Kenneth Pettersen ved UiS tek til orde.

Kenneth Pettersen, som er koordinator ved Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet (SEROS) ved UiS, skal halde innlegget «Konkurransekraft versus sikkerhet».

På konferansen vil det også bli innlegg frå Samferdselsdepartementet, representert ved statssekretær Geir Pollestad (SP), frå Luftfartstilsynet, Avinor AS, Norges Handelshøyskole, Kungliga Tekniska Høgskolan, Forbrukerrådet, NHO Luftfart, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), helikopteroperasjoner (Bristow og Airlift), Safetec Nordic AS, Stavanger Aftenblad, SAS Group og Norwegian. 

Sjå heile programmet her

Viktig samarbeidspartnar
Solakonferansen 2013 arrangerast av Stiftelsen Solakonferansen i samarbeid med Universitetet i Stavanger.

SEROS-koordinator Kenneth Pettersen sit i styret for stiftelsen. Og UiS-professorane Oluf Langhelle ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag og Jayantha P. Liyanage ved Centre for Industrial Asset Management (CIAM) er med i konferansekomitéen.

Den skandinaviske luftfartskonferansen blei arrangert for første gong i 1987, og har opp gjennom åra blitt ein av dei viktigaste møteplassane for dei som er opptekne av sikkerheit, kvalitet og miljø innan alle delar av luftfarten.

Målgruppene for konferansen er fagleg og politisk leiing i departementa, luftfartens myndigheiter, leiinga i flyselskap og Avinor, Luftfartstilsynet, internasjonale flyfabrikantar, organisasjonar, fagforeiningar, forskings- og undervisings-institusjonar, politikarar, oljeselskap og transportindustri.

Konferansen arrangerast på Rica Airport Hotel Stavanger, like ved Sola lufthamn, og det er framleis ledige plassar.

Ny og utsett påmeldingsfrist er tirsdag 10. september. Merk at tilsette i akademia får redusert pris; det kostar då 3500 kroner for ein standard konferansepakke. Merk påmeldinga med UiS/akademia i rubrikken "Firma".

Meld deg på til Solakonferansen 2013
Les meir om Stiftelsen Solakonferansen


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (23.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Fly
HAR DU MELDT DEG PÅ? Tilsette ved UiS får redusert pris. For UiS-tilsette kostar det 3500 kroner. I prisen ligg standard deltakarpakke, inklusive lunsj begge dagar og middag på kvelden den 17. september. Hugs å registrere deg som UiS/Akademia i kategorien "Firma". Påmeldingfist er 10. september!
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567