Eric Brun ny instituttleiar på IØRP


Eric Christian Brun (58) er tilsett som ny leiar av Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) ved Universitetet i Stavanger.

Det blei vedtatt av styret ved UiS i ettermiddag.

Brun er sivilingeniør innanfor teknisk fysikk og har doktorgrad i strategi og leiing frå NTNU. Han har også bakgrunn frå næringslivet, blant anna som produktsjef i Laerdal Medical og systemkonsulent i Norske Shell.

Innovasjon og leiing
Som forskar har han arbeidd både i Sintef og tidlegare RF-Rogalandsforsking (no IRIS). Dei siste åra har Brun vore tilsett som førsteamanuensis ved Handelshøgskolen UiS. Der har han forska og undervist i innovasjons- og prosjektleiing.

– Eg ser fram til å ta fatt på denne jobben. Instituttet står sterkt på forskingssida og har mange dyktige folk. Eg har i tillegg hatt undervisning på IØRP, så eg veit at studentane der også er særs oppegåande. Det skal bli spennande å utvikle instituttet vidare, seier Brun.

Sterkt miljø
Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) er del av Det teknisk- naturvitskaplege fakultetet.

Instituttet tilbyr studium og driv forsking innanfor industriell økonomi, risikostyring og samfunnssikkerheit, samt urban design.

Instituttet har knytt til seg om lag 40 tilsette, inklusiv stipendiatar og postdoktorar.


(Artikkel publisert 26.02.12)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.02.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Eric Christian Brun (58) er tilsett som ny leiar av Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) ved Universitetet i Stavanger.
Eric Christian Brun (58) er tilsett som ny leiar av Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) ved Universitetet i Stavanger.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567