No kjem bestefedrane


Knud Knudsen synest det er stas å vere bestefar og kan ikkje få nok av barnebarna sine. Slik er han like typisk som dei besteforeldra han har forska på.

– Besteforeldre i Europa vel gjerne å bruke ein god del tid saman med barnebarna. Og særleg bestefedrar er tilsynelatande meir på banen enn tidlegare, seier Knud Knudsen, professor i sosiologi ved UiS.

I ein fersk studie har han mellom anna funne at blant yngre besteforeldre har bestmødrene klart meir med barnebarna å gjere enn bestefedrane. Men med åra endrar kjønnsmønsteret seg gradvis, slik at for dei eldste aldersgruppene deltar bestefedrane heller meir. Samstundes gjeld det for begge kjønn at deltakinga naturleg nok minkar med alderen.

Sjølv har Knudsen fire barnebarn på mellom eitt og 11 år, eitt i Oslo og tre i Stavanger. Så ofte han kan, er han saman med dei, både i leik og alvor. På tysdagar hentar han og kona Gro både i barnehage og på skulefritidsordninga, før dei går i gang med lekser, trening, middag og leik. Helgene brukar ekteparet ofte på samvær og barnepass i storfamilien.

– Eit slikt fellesskap gir ny innsikt, lærerike utfordringar og meir meining i livet, seier han.

Den viktige partnaren i livet
Studien til Knudsen omfattar om lag 5 500 besteforeldre i alderen 60 til 85 år frå 11 land i Europa. Landa som er med i studien, er Austerrike, Danmark, Frankrike, Hellas, Tyskland, Italia, Nederland, Sverige, Sveits, Spania og Belgia. Det empiriske datasettet heiter Survey of health, ageing and retirement in Europe (SHARE), og er eit av dei største i Europa.

– I framtida vil vi truleg sjå at fleire besteforeldre deler tida si med barnebarna. Grunnlaget for å fylle denne rolla kan likevel vere forskjellig for bestemødrer og bestefedrar. For begge gruppene er det ein fordel å ha ein livspartnar ved si side. Men bestefar er likevel meir avhengig av ein partnar enn det bestemor er, for å kunne stå på i besteforeldrerolla, seier Knudsen og forklarer:

– Når bestefar framleis har ektefellen der, er det lettare for han å ta del i livet til barnebarna. Bestemor har tradisjonelt hatt meir og fleire typar kontakt med resten av familien, med ansvar for å halde relasjonane ved like. Som kvinne, mor og bestemor er norma for omsorg tydelegare for henne, og ho inspirerer bestefar, seier Knudsen.

– Å ha ein partnar blir dermed viktig for å kunne bidra i storfamilien, særleg for menn etter kvart som dei blir eldre. Som andre studiar av kjønn og partnarskap har vist, ser ein også her at særleg mannen har fordelar av ekteskapet, konstaterer UiS-professoren.

Betre helse og travle foreldre
Det ligg både sosiale og demografiske endringar til grunn for at besteforeldre deltek så mykje i livet til barnebarna. Tre generasjonar får meir av livet sitt saman no enn før. Og nye mønster viser seg:

– Vi lever lenger og held oss friskare lenger. Vi har betre økonomi og kommuniserer tettare. Samstundes er dagens foreldre opptekne med jobb og karriere medan dei har små barn. Til forskjell frå tidlegare generasjonar, der barna kom før utdanning og jobb, er dagens foreldre ofte godt vaksne og i full jobb medan dei har ansvar for mindre barn, seier Knudsen.

– Og det er her besteforeldra kjem inn. For storfamilien er dette ein vinn-vinn-situasjon. Friskare og sprekare besteforeldre som vil vere saman med barnebarna, kan gi god hjelp til karriereivrige småbarnsforeldre i ein hektisk kvardag, seier han og poengterer:

– Samstundes har lite endra seg når det gjeld ekteskap og partnarskap. Som før er det slik at menn ofte giftar seg med kvinner som er nokre år yngre. Og kvinner lever framleis lenger enn menn, seier han.

– Trass i store variasjonar har ein mann på 70 år oftare ein partnar ved si side enn det ei kvinne i same alder har. Så medan bestemødrer gjerne er einslege, er bestefedrar framleis i eit ekteskap. Å ha ein yngre og frisk partnar i livet ser ut til å vere avgjerande for bestefar si deltaking i livet til barnebarna, seier Knudsen.

Bestefedrane blir inspirerte
– Nokon vil nok forklare dette med at besteforeldra ønskjer å investere tid med barnebarna for seinare å få hjelp tilbake, seier UiS-professoren.

– Men slike argument er berre konsistente med visse funn. For i så fall burde bestemødrer som er enker, vere dei som brukte mest tid på barnebarna. Slik er det ikkje, seier han.

– Det ser heller ut til at sosiologisk rolleteori treffer betre, seier Knudsen.

– Bestefedrar og bestemødrer kan ha veldig forskjellige personlege og sosiale utgangspunkt, sidan bestefar oftare lever med ein ektefelle, medan bestemor anten lever åleine eller med ein eldre partnar. Så sjølv om bestemødrer generelt bruker noko meir tid på barnebarn enn bestefedrar, blir forskjellen i deltaking mellom henne og han stadig mindre etter fylte 60, og etter fylte 70 år er det bestefar som leier an, seier Knudsen.

– Ein skulle kanskje tru at eldre menn framleis hadde sin identitet mest knytt til andre interesser, og at kvinner dermed var for betre besteforeldre å rekne livet ut. Men gjennomgåande klarer menn seg relativt bra som bestefedrar. Og ein viktig grunn er at dei framleis har ektefellen ved si side, konkluderer Knudsen, som understrekar at det likevel er store skilnader her.

– Ein del besteforeldre prioriterer annleis eller bur langt borte frå barnebarna, noko som sjølvsagt speler inn for tida dei får saman, seier han.

Ingen skilnader i Europa
Noreg er ikkje med blant dei 11 landa i studien, men ifølgje Knudsen er funna truleg gjeldande også for norske forhold.

– Det er all grunn til å tru at dette også gjeld i Noreg. Studien viser jo at demografiske forhold får markante følgjer seinare i livet for desse besteforeldra temmeleg uavhengig av nasjonale rammer. Det er få skilnader mellom landa, noko som er eit viktig funn i seg sjølv, seier Knudsen.

Artikkelen «European grandparents’ solicitude: Why older men can be relatively good grandfathers» står på trykk i tidsskriftet Acta sociologica nummer 3 2012.

Saken er henta frå Univers 3 2012


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Knud Knudsen og barnebarnet Martinius
BESTEVENER: Knud Knudsen (snart 68) og barnebarnet Martinius (nettopp 3) er i lag fleire gonger kvar veke, til glede for begge. – Framover vil vi sjå meir til besteforeldre som passar barnebarn, og særleg vil bestefedrane kome meir på banen, seier UiS-professoren. (Foto: Asbjørn Jensen, UiS)
Knud Knudsen og barnebarnet Martinius kaster ball
KJEKK LEIK: Sosiolog Knud Knudsen brukar mykje tid både på forsking og på barnebarna sine. Her kastar han ball med barnebarnet Martinius. (Foto: Asbjørn Jensen, UiS)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567