Seminar om utdanningssamarbeid med Russland og Eurasia


På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, inviterer SIU i samarbeid med Universitetet i Stavanger til internasjonalt seminar om institusjonssamarbeid med Russland og Eurasia innan høgare utdanning. Seminaret vil finne stad på UiS den 6.-7. desember 2012.

Målgruppe
Tilsette ved norske høgare utdanningsinstitusjonar, både leiing, personar som arbeider med internasjonalisering og vitskapleg tilsette. Norske og utanlandske prosjektleiarar i prosjekt finansiert av Russlandsprogrammet og Eurasiaprogrammet.

Mål med seminaret
Målet med seminaret er å legge til rette for prosjektpresentasjonar og erfaringsdeling og å følgje opp konklusjonane frå det nasjonale Russlandsseminaret i Tromsø våren 2011.

Hovudtema er: “From individual choices to national strategies of international cooperation in education – Challenges and possibilities in the cooperation with Eurasia and Russia.”

Aktuelle problemstillingar

  • Kva skjer i utdanningssystema i Russland og Eurasia-landa?
  • Kva er utbyttet av utdanningssamarbeid og mobilitet mellom Noreg og Russland/Eurasia-landa - på nasjonalt nivå, for institusjonar og einskildindivid?
  • Kva skal til for å lukkast med å utvikle gode og bærekraftige samarbeid?

Det blir eigne parallellsesjonar om m.a. språk, studentutveksling og fjernundervisning. Det er også sett av tid til posterpresentasjonar og gruppediskusjonar.

Program
Førebels program blir publisert i midten av oktober på SIU sine nettsider: www.siu.no/russland

Praktiske opplysningar
Tid: 6.-7. desember 2012.

Oppstart torsdag 6. desember kl. 13.00 (registrering og lunsj frå 12.00). Slutt ved lunsj fredag 7. desember kl. 13.00. Felles middag for alle deltakarar torsdag kveld.

Konferanseavgift er NOK 800,- og inkluderer lunsj begge dagar og konferansemiddag. Avgifta blir fakturert i ettertid.

Overnatting: Det er reservert rom på Rica Forum hotel til 1095 kr per natt for enkeltrom inkl. frukost. Bestilling på booking.stavanger@rica.no eller telefon 51 71 65 00, så tidleg som mogleg og seinast 1. november 2012. Hugs å referere til SIU – Senter for internasjonalisering av utdanning for å få konferansepris. Det blir organisert felles transport mellom overnatting og konferanselokalet.

Påmelding: Elektronisk påmelding på SIU sine nettsider: www.siu.no/russland
Påmeldingsfrist vil vere 1. november 2012.

Kontakt: Bård Hekland eller Herdis Kolle


Sist oppdatert av Trym Holbek (04.10.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Senter for internasjonalisering av utdanning logo
Moskva Røde Plass
Russlandsprogrammet

Les mer om Russlandsprogrammet på UiS sine nettsider.

Kontaktperson er Bente Dale, fakultetskoordinator (TN) ved Internasjonalt kontor