Populær erfaringsbasert master i leiing


Det var god stemning då oppstarten for den nye erfaringsbaserte masteren for leiarar og leiarkandidatar blei markert på UiS onsdag 12. september. 35 studentar frå arbeids- og næringsliv er no i gang med det etterspurte EVU-tilbodet.

Gjennom UiS Pluss tilbyr Handelshøgskolen ved UiS no ein Executive MBA (Master of Business Administration). Det nye tilbodet rettar seg særleg mot leiarar og potensielle leiarar.

– Det har vore ei enorm interesse for denne skreddarsydde masteren. Plassane blei fylt opp lenge før søknadsfristen. Vi har derfor tatt opp fem ekstra studentar, slik at det no er 35 studentar som startar opp. Vi har også måtte laga ventelister, fortel Rune M. Løwehr, rådgivar ved UiS Pluss, som er UiS sin eining for etter- og vidareutdanning.

Den nye masteren er eit resultat av godt samarbeid mellom UiS og arbeids- og næringsliv. Studiet har fått ein regional vri gjennom faglege innspel frå representantar frå privat og offentleg arbeidsliv innanfor eit vidt spekter av bransjar og verksemder.

Jubel og festtalar
Avsparket for den erfaringsbaserte masteren, som vil gi kandidatane ein internasjonal leiartittel, blei markert med fest og talar i Arne Rettedals hus onsdag 12. september.

Både universitetsdirektør John B. Møst og instituttleiar ved Handelshøgskolen ved UiS, Bjarte Ravndal, gratulerte studentar, førelesarar og samarbeidspartnarar med den offisielle oppstarten.

– Dette er ein god symbiose og ein vinn-vinn-vinn-situasjon for UiS, studentane og arbeids- og næringsliv, sa Møst til dei frammøtte.

Også Ravndal framheva det fruktbare samarbeidet med arbeidslivet på vegen fram mot det ferdige tilbodet.

 – Vårt mål er å lage ei leiarutdanning som er internasjonal anerkjent. Dette har vi gjort for å møte den internasjonale verda vi er ein del av. Dette skal vere ei utdanning for leiarar som ønskjer påfyll og for dei som ønskjer å gå i retning av å bli leiar. Gjennom masteren skal kandidatane kunne utvikle seg inn i ein leiarrolle, framholdt Ravndal.

Motiverte kandidatar
På masteren skal kandidatane lære mykje om leiing, økonomi og strategi. Etter første dag med forelesning om leiing ved professor Aslaug Mikkelsen, var studentane overbegeistra. 

– Det har vore ein spennande dag. Særleg har det vore inspirerande å bli kjent med dei andre kandidatane her. Alle har ganske ulik bakgrunn, samstundes som vi har mykje å snakke om, fortel Dagfinn Ullestad, mangeårig prest, fengselsprest og ettervernsleiar i Kirkens Bymisjon i Kristiansand.

– Utdanninga er også relevant for prestar. Vi har mykje kontakt med menneske og gir mykje oppfølging til menneske som treng hjelp til å kome seg vidare i livet. No vil eg bruke desse erfaringane på veg mot nye utfordringar. Det blir eit spennande avbrekk, seier Ullestad, som skal pendle mellom Kristiansand og Stavanger under studiet.

Sjølv om dei fleste studentane kjem frå privat næringsliv, er det også fleire studentar frå det offentlege og frå helsevesenet. Overlege ved Stavanger Universitetssjukehus, Jörg Törpel, ser også fram til å få input frå eit breitt spekter av bransjar.

– Sjølv om vi jobbar innanfor ulike bransjar, har vi  mange av dei same utfordringane med tydeleg leiing, budsjett- og personalansvar. Eg har blitt kjent med mange spennande menneske her i dag. Det er både inspirerande og motiverande, og eg ser fram til fortsettinga, seier Törpel.

Skreddarsydd utdanning
Kandidatane som tek ein Executive MBA vil få god kunnskap om leiing av ulike verksemder og analytisk kunnskap om sin eigen rolle som leiar. Opptakskravet er ein bachelorgrad eller tilsvarande, og minimum to år med relevant praksis.

Det faglege innhaldet kan også tilpassast behov og problemstillingar i den einskilde si verksemd. Slik vil kandidatane bli gode på å handtere utfordringar innan leiing i eigen organisasjon og kunne takle endringar i samfunnet som verkar inn på leiarrollen.

Mastergraden er på 90 studiepoeng og har form som eit deltidsstudium på mellom to og fire år.

Les også: Ny master for ledere og lederkandidater


Sist oppdatert av Silje Stangeland (13.09.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Bjarte Ravndal
HELDT TALE: Instituttleiar ved Handelshøgskolen ved UiS, Bjarte Ravndal, framheva mellom anna det fruktbare samarbeidet med arbeidslivet i sin tale under avsparket for den nye erfaringsbaserte masteren i leiing.
Student og prest Dagfinn Ullestad, rådgivar ved UiS Pluss, Rune M. Løwehr og student og overlege Jörg Törpel
GOD STEMNING: Student og prest Dagfinn Ullestad, rådgivar ved UiS Pluss, Rune M. Løwehr og student og overlege Jörg Törpel er glad for at det nye EVU-tilbodet Executive MBA (Master of Business Admin-istration) no har starta opp.
John B. Møst talar
GRATULERTE: Også universitetsdirektør John B. Møst gratulerte studentar, førelesarar og samarbeids-partnarar med den offisielle oppstarten i går.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567