Ny bok om risiko og tilsyn


Boka «Risiko og tilsyn» er den første i Noreg som omhandlar offentlege tilsyn og deira verksemd, med risiko som fellesnemnar. Boka rettar seg mot alle som er opptekne av organisering og utøving av tilsyn.

Boka har tittelen «Risiko og tilsyn – Risikostyring og rettslig regulering» og er skriven av UiS-professor Preben Hempel Lindøe, assisterande direktør i Statens helsetilsyn, Geir Sverre Braut og seniorrådgivar i Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Jakob Kringen. Sistnemnte er også førsteamanuensis II ved UiS.

Bokprosjektet er resultat av eit langsiktig samarbeid mellom Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet (SEROS) ved UiS og fleire av tilsynsmyndigheitene.

Mange tilsyn, men lite kunnskap
I Noreg er det mellom tretti og førti statlege organ som fører tilsyn med at private og offentlege aktørar held seg innanfor reglar som er fastsett i lover og forskrifter.

Dei ulike tilsynsorgana skal ta i vare omsyn til kundar og forbrukarar, slik at folk kan kjenne seg trygge på arbeidsplassen, at maten dei kjøper er trygg å ete, at dei kan stole på bankar og forsikringsselskap og at dei kan føle seg trygge når dei bruker offentlege eller privat transport.

Tilsynsorgana tek opp viktige politiske tema, som fordeling av makt og myndigheit mellom aktørar i samfunnet. Aktiviteten representerer dessutan eit betydeleg beløp i offentlege utgifter årleg.

På tross av det store omfanget av tilsynsorgan og tilsynsaktivitetar i Noreg, er det påfallande i kor liten grad det finst systematisk og vitskapleg basert kunnskap om tilsyn som fenomen. Boka er eit bidrag for å rette på dette.

Kan nyttast i undervisning
Boka rettar seg mot alle som er opptekne av organisering og utøving av tilsyn, anten dei er offentleg tilsette på ulike nivå, eller myndigheitskontaktar, leiarar eller andre innanfor verksemder som har med offentlege tilsyn å gjere.

Boka kan også nyttast i undervisning innanfor tema som risikoregulering, risikostyring og tilsyn.

Bidragsytar Preben Hempel Lindøe ved UiS har i mange år jobba med teoretiske, metodiske og praktiske problemstillingar innanfor arbeidsliv, arbeidsmiljø, sikkerheitsregulering og sikkerheitsstyring og har skrive fleire bøker og artiklar om desse emna.



Les også:
Med livet som innsats
Derfor vil USA lære av Norge
Lærer statlige tilsyn om risiko
 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Bokomslag til "Risiko og tilsyn"
TILSYN MELLOM TO PERMAR: Boka "Risiko og tilsyn" rettar seg mot alle som er opptekne av organisering og utøving av tilsyn. Boka er utgitt av Universitetsforlaget.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567